Yogahelg: Kveldspass Fredag

Den populære yogahelga på Myrkdalen Hotel er tilbake 13.-15. januar. Bli med på ei reise inn i yogaens verd og nyt ein stressfri dag fjells.

Karina Eline Kibsgård og Helle Karlsdottir er dei to dyktige instruktørane som vil leia dykk gjennom seansane.


Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen


FREDAG 13. JANUAR:


Kl. 18:00 - 20:00 - Jivamukti + Roleg Yoga med Karina og Helle

Me startar helga med ein kombinasjon av Jivamukti Yoga - en fysisk utfordrende og leken vinyasa praksis med musikk, chanting og litt yogafilosofi, og Rolig Yoga - veldig rolig yoga for avspenning av kroppen og nedstressing.