Yogahelg på Myrkdalen Hotel

9. - 11. november har me igjen gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med dei dyktige instruktørane Karina Eline Kibsgård og Camilla Torvik Tønne. Kibsgård og Tønne er to av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga.

FREDAG 9. NOVEMBER
Kl. 18.00 - 19.20: Jivamukti Yoga klasse. Avspenning og meditasjon
Kl. 20.00: 3-rettars vegetarmiddag i Restaurant Nuten

LAURDAG 10. NOVEMBER
Kl. 10.00 - 12.30: Bevisst plassering i samanheng med pust. Ein workshop med fokus på teknikk, alignment og kroppsbevisstheit. 
Kl. 13.00: Vegetarlunsj i Restaurant Nuten
Kl. 15.00 - 17.30: Kva er Asana? Asana vert ofte oversatt til ‘sete’. Yoga - asana (yogastillingar) handlar om å skapa eit stabilt ‘sete’, stabilitet og balanse i oss sjølve. I denne klassen flyt me igjennom kraftfulle og balanserande sekvenser for heile kroppen. Målet er å kjenna korleis me kan finna styrke og støtte i oss sjølve, samt å vera komfortable i vår eigen kropp.
Kl. 18.30 – 20.00: Kurs i fermetering (10 plassar). Dette kan du leggja til i bestillinga di til 250 kr per person. 
Kl. 20.00: 3-rettars vegetarmiddag i Restaurant Nuten
Kl. 21.00 - 22.00: Yogafilosofi

SUNDAG 11. NOVEMBER
10.00 - 12.30: Opp/Ned. Når ting blir snudd på hovudet kan løysingar eller nye moglegheiter bli oppdaga. Dette er ein Jivamukti Yoga-klasse med fokus på korleis me førebur og gjer oss trygge til inversjonar som skulderståande, hovudståande og variasjonar av handståande. 
13.00: Vegetarlunsj i Restaurant Nuten
14.00 - 15.00 Yin Yoga. Ei roleg avslutning med avspenning

OM JIVAMUKTI YOGA
Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen.

OM KARINA ELINE KIBSGÅRD
Karina Eline Kibsgård har undervist yoga sidan 2008 og undervisar i dag ved ulike yogastudio i Oslo. Bakgrunnen hennar er hovudsakleg frå dans, Ashtanga Yoga og Jivamukti Yoga. Ho vart introdusert for yoga gjennom studiar ved Den Norske Balletthøyskole. I dag er Kibsgård ein av få "800h Advanced Certified" Jivamukti Yogalærarar i Skandinavia. 

OM CAMILLA TORVIK TØNNE
Gjennom fokus på pust og teknikk tek Camilla deg gjennom krevjande asanapraksis på ein leiken og uhøgtideleg måte. Ho har stor interesse for å gjera tradisjonell yogafilosofi tilgjengeleg og relevant for dagens samfunn. «Me lever i ei tid der me er tilgjengeleg for andre store delar av døgnet, der me fordøyer enorme mengder informasjon og skal prestera i nesten alt me gjer. Yogapraksisen er som ein fristad, der merksemda blir retta innover og kor aksept og å vera fordomsfri er i fokus». Camilla har undervist yoga på fleire yogastudio, for ulike bedrifter og ved arrangement. I dag bur ho i Stavanger der ho underviser yoga ved Jivamukti Yoga Stavanger. 

PRIS
Pris: Kr 2900,- per person, inkludert 3-rettars middag fredag og laurdag, lunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar. Alle nivå er velkomne! Avgrensa plassar - bestill tidleg for å sikra deg denne helga. 

BESTILL BILLETT TIL YOGAHELG

RIMELEG OVERNATTING
Myrkdalen Hotel tilbyr 30 % rabatt på hotellrom for alle våre yogagjester. Bruk kampanjekoden Yogamyrk når du søkjer etter overnatting desse datoane. 

NB! Ta med eiga yogamatte