Yogahelg: Søndagspass

Den populære yogahelga på Myrkdalen Hotel er tilbake 13.-15. januar. Bli med på ei reise inn i yogaens verd og nyt ein stressfri dag fjells.

Karina Eline Kibsgård og Helle Karlsdottir er dei to dyktige instruktørane som vil leia dykk gjennom seansane.


Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen

 

SØNDAG 15 JANUAR:


Kl. 09:00 - 11:00 - Jivamukti Open Class med Karina

Full pakke - chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og meditasjon.


Kl. 11:30 - Lunsj


Kl. 13:00 - 15:00 - Restitusjon workshop med Helle

Avslutningsvis skal me finna roa og la kroppen og sinnet ta innover seg alt det har lært og opplevd i løpet av helga. Yogisk søvn - dykk djupt inn i din indre verd samtidig som kroppen slappar av, grundig guida av læraren.