Ta toget til Voss

Finn oss

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre to timar unna Bergen, Sogndal og Geilo.

Med tog
kart over Myrkdalen

Voss Jernbanestasjon er ein av stasjonane langs Bergensbana som går mellom Oslo og Bergen. Frå Bergen tek det 1,5 time og frå Oslo 5 timar. Du finn togtider på www.vy.no

Gratis skibuss
Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo. Her finn du oversikt over gratis skibuss og rutebussar til og frå Myrkdalen 

Skibillett frå Bergen i vintersesongen
Dette er ein enkel og rimelig måte å komma seg til pudderparadiset Myrkdalen! Skibilletten inkluderer: Tog tur/retur Bergen – Voss, buss tur/retur Voss – Myrkdalen og dagskort i Myrkdalen. Sal av skibillett opnar 1. desember. 

Bestill skibillett her! 

Med bil
Myrkdalen ligg to små timar unna Bergen, frå Oslo tek det ca 6 timar. Frå Voss sentrum køyrer du på E16/ RV 13 mot Sogn. På Vinje tek du mot Vik/Myrkdalen i rundkøyringa. Myrkdalen Fjellandsby ligg då på venstre side av RV 13 etter 9 km.

Finn køyrerute på google maps

Leigebil under opphaldet
Kjem du med offentleg transport til Voss og ynskjer leigebil under opphaldet? Hertz har bilutleige i Storrviki i Skulestadmo. For meir informasjon ta kontakt på tlf: 56 51 39 10 

Med fly
Flesland/Bergen International Airport med direktefly frå København, Amsterdam og London, ligg berre 2 timar unna Myrkdalen.

Vil du bli henta på Flesland?
Me tilbyr transport frå og til Flesland. Bestill henting minst ei veke før ankomst direkte til: +47 47 47 16 00

Taxi på Voss
Ring og bestill vanleg taxi eller maxi-taxi på 56 51 13 40