Velkomen til familievenlege Myrkdalen

Familievenlege Myrkdalen ligg i Voss Kommune, berre to små timar frå Bergen. Her er Vestlandet sitt største skisenter – med familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng.

Vêr- og føremelding
Sjå siste oppdaterte vêr- og føremelding HER. Skisenteret er no ope kvar dag til 1. mai. NB - ved dårleg vèr og forhold kan skisenteret i nokre tilfelle bli stengt på kort varsel.

Heisar, skiskule og skiutleige
Skisenteret har totalt 2 stolheisar, 3 t-krokheisar, 3 tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.Skibakkane er breie og oversiktlege – Myrkdalen er difor ein perfekt plass å læra seg å stå på ski. Treng du skiundervisning eller å leiga ski har skiskulen og skiutleiga eit breitt utval av produkt og aktivitetar.

Barnevenlege Myrkdalen
Barneområdet vårt ligg i sjølve basen av skisenteret, rett ved sida av Myrkdalsstovo Kafè med enkel tilkomst frå parkering og hotell. Området består av to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband og fire varierte grøne løyper. Kvar helg og i alle feriane i heile vintersesongen har me mange aktivitetar og arrangement for born og unge. 

Langrenn, fjellski og topptur
I tilknytning til skisenteret finn ein preparerte langrennsløyper og eit flott terreng for fjellski og toppturar. Dei som likar seg i nysnøen kan øva seg på bruk av sendar/mottakar i skredsøkarbana vår. Denne ligg 150 meter frå avstiginga til Myrkdalsekspressen.

Variert  helge- og ferieprogram i vinter
Feriedatoar: Juleferie 26. desember - 1. januar // Vinterferie 13. februar - 5. mars // Påskeferie 8. - 16. april. 

 AKTIVITET

 PRIS   KOMMENTAR
 Privat- og gruppeundervisning 
 Skiskule
 565,-  På bestilling kvar dag
 Teknikk-kurs Alpint  400,-  Kvar søndag. Alle dagar i feriar
 Trening Storslalåm  400,-  Kvar søndag. Alle dagar i feriar
 JibbeCamp  300,-  Kvar søndag. Alle dagar i feriar
 Barnerenn   Gratis   Kvar helg. Fleire dagar i feriar
 Aketur  300,-  På bestilling kvar dag 
 Reveklubben  Gratis  I feriar
 Kveldskøyring m/
 Aktivitetar for born
 150,-  I vinterferievekene 7, 8, og 9

Med over 5 meter snø, terreng i alle variantar og effektive heisar ligg alt til rette for gode skiopplevingar!