Carving i Myrkdalen

Skiskule i Myrkdalen

Skiskulen hjå Myrkdalen Aktiv er ikkje berre for dei som har lite eller inga erfaring med ski. Undervisninga vert tilpassa nivået, og du kan velja mellom privat- og gruppeundervisning.

Bestill kurs og skiundervisning:

Showing <% totalCount %> alternativer
Sorting:

 

Dei dyktige instruktørane har flust av tips - også til deg som har erfaring frå før.

 

Løypene er breie og oversiktelege - Det gjer Myrkdalen til den perfekte staden å læra seg å stå på ski. Me legg vekt på at det skal vera moro på ski, enten du er ung eller gamal, nybyrjar eller vidarekomen, sprek eller ikkje fullt så sprek.

 

Privatundervisning

Skiskule i Myrkdalen

Privatundervisning er noko alle kan ta, uansett alder og nivå. Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er ganske god, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare. Undervisninga vert tilpassa akkurat dine behov.

Du kan velja mellom undervisning i 100 minutt, 3 timar eller ein heil dag. For born under 7 år tilbyr me også 50 minutt undervisning.

 

Gruppeundervisning

Skiskule Myrkdalen

Skiinstruktørane våre er klare til å tilby gruppeundervisning til born og vaksne over 16 år. Det er minimum 4 personar per gruppe, og deltakarane i ei gruppe bør vera på same nivå for å få mest mogleg utbyte av undervisninga.

Bestill gruppeundervisning 100 min

Bestill gruppeundervisning 200 min

 

Toppturkurs og skredkurs

Toppturkurs i Myrkdalen

Drøymer du om å gå topptur og oppleva fartsfylt frikøyring i herleg laussnø? Då er det viktig å tenkja sikkerheit og kunna ta gode val utanfor løypene. Saman med Breogfjell kan me tilby kurs som gjev deg kunnskap om skred, sikkerheit, linjeval, bruk av utstyr og riktig skiteknikk.

 

Kim Bagge Andersen - skiinstruktør Myrkdalen Aktiv

Når du lærer bort noko til folk, og dei verkeleg får det til, kan du sjå gleda i dei. Den gleda speglar seg i mykje energi. Dei har lært noko nytt. Dei har meistra det på si eiga måte. Det er breie smil, «high fives» og ein kan sjå dei er gira medan dei køyrer ned løypa.

- Kim Bagge Andersen, skiinstruktør