Myrkdalen Skisenter

Myrkdalen Fjellandsby er eit miljøfyrtårn

Drift av skiheis og hyttebygging er ikkje noko som kan reknast som miljøtiltak i seg sjølv, og massiv utbygging har påverka Myrkdalen på fleire område dei siste ti åra. Men leiinga i fjellandsbyen vil gjera utviklinga så grøn som mogleg, og er overtydd om at ein kan tenka stort og samstundes ta miljøansvar.
 

Sortering
Myrkdalen Hotel har sett fokus på avfall og sortering. Avfallsmengda har gått ned etter 2017, og sorteringsgraden har dei siste åra lagt i overkant av 70%.

Myrkdalen Hotel, Myrkdalen Fjellheiser og konsernselskapet er miljøsertifisert. 

Teknisk anlegg
Myrkdalen Hotel er kopla til eit fjernvarmeanlegg som brukar lokalprodusert treflis. Dette anlegget dekkjer 50 % av det totale energiforbruket.

El-bil og ladestasjonar
Som eit ekstra miljøtiltak har Myrkdalen Hotel 2 el-bilar som reinhaldsavdelinga nyttar mellom hyttene og leiligheitene. Hotellet har òg installert seks ladepunkt for el-bilar og to av desse er Tesla-ladarar

Systematisk oppfølgjing av energiforbruk
Nattevaktene på Myrkdalen Hotel har endra på rutinane og tek sjekkrundar etter stengetid med fokus på å få ned det totale energiforbruket. Her inngår til dømes å sløkkja lys og ta av varme på rom som ikkje er i bruk, samt slå av utstyr som ikkje er i drift. Ved å ha eit slikt fokus sparar hotellet ca 14 000 kwh i året. 

Myrkdalen Hotel er kopla til eit fjernvarmeanlegg som brukar lokalprodusert treflis. Dette anlegget dekkjer 50 % av det totale energiforbruket.

Varmeanlegg
I sertifiseringsprosessen av hotellet vart det oppdaga at varmeanlegget ikkje var regulert riktig. Då driftskontrollanlegget vart finjustert , sparte hotellet 500 000 kwh i året.

Myrkdalen Fjellheiser
Hjå Myrkdalen Fjellheiser har ein lagt bedre til rette for at skigjester kan kaste avfall og pant i behaldarar i heile skianlegget. Det er mange påminningar om dette på stolheisryggar, på sikkerheitsbøyler i heisane og andre stader i anlegget.