Ski

Sportsbutikkar i Myrkdalen

Velkomen til Sport 1 Myrkdalen & Skiutleige og Myrkdalen BrandStore som tilbyr alt du treng til ein aktiv kvardag!

 

Sport1 Myrkdalen

Sport1 Myrkdalen finn du i bygget Torggarden, vis-à-vis Myrkdalen Hotel. Her får du kjøpt gode fritidsklede, skiutstyr, sykkelklede, hjelmar, kart, kompass m.m. Kompetansen er i høgsetet og du kan vera sikker på å få utstyret som passar akkurat deg. Spør oss gjerne om gode råd og turtips i Myrkdalen!

 

Treng du å leiga skiutstyr eller vil du prøva noko nytt?

Myrkdalen Skiutleige har eit stort utval skiutstyr for alle nivå, både til born og vaksne. Hjelm får du låna gratis når du leiger utstyr.

I sommarhalvåret kan du leiga sykkel dersom du ikkje har sjølv, slik at du kan utforska det vakre området frå sykkelsetet.

 

Har du eige utstyr?

Skigleda er mykje større når utstyret er i god stand. Me fiksar skarpe kantar og god glid! Med vår nye slipeautomat frå Wintersteiger får du garantert perfekt såle og knallgode kantar. Discovery modellen er av beste kvalitet på marknaden og einaste i sitt slag på Vestland. Les meir om slipeautomaten vår.

 

Myrkdalen BrandStore

 

Myrkdalen BrandStore

Opningstider:

Laurdag 26. november kl. 11-16
Søndag 27. november kl. 11-15
Laurdag 3. desember kl 11-16
Søndag 4. desember kl. 11-15

I fyrste etasje i Kamben, vegg i vegg med Kamben Kafé & Bar ligg Myrkdalen BrandStore.

Butikken frontar merkevarene til Active Brands, som er eit leiande norsk merkevarehus innan sport- og friluftsmarknaden.

Hjå oss finn du Dæhlie, Kari Traa, Sweet Protection, Johaug, Åsnes, Bula og Vossatassar. 

Velkomen innom for ein hyggeleg handel!