Ledige stillingar
LEDIGE STILLINGAR PÅ MYRKDALEN HOTEL
Som eit resultat av strenge smittevernreglar treng me ekstra bemanning til vertskapsrolle/vakthald ved innslepp til serveringsplassane våre i Myrkdalen Fjellandsby. Me ser etter deg som er over 18 år og som vågar å vera tydeleg i møte med kunden. Du likar å jobba med folk og er hyggeleg og imøtekomande. Å møta kunden med eit smil og skapa god stemning er nøkkelen til suksess i denne rolla. I nedre del av anlegget er det ingen krav om å kunne køyre på ski – det gjeld kun for dei som vil jobbe i Vetlebotn.
Arbeidstid:
kl. 11.00 – 15.00
Lørdag og søndag
Kvar dag i feriar (veke 8, 9 og påskeferie)
Det er mogleg å jobbe i turnus annakvar helg.
Søknadsfrist:
Snarast
Kontakt
Knut Kettermann - Hotelldirektør
Mob: +47 975 82 420
kk@myrkdalenhotel.no
Om Myrkdalen Hotel
Myrkdalen Hotel på Voss er eit fullservice heilårshotell med driftsgrunnlag i nasjonal og internasjonal turisttrafikk og kurs/konferanse. Hotellet har 112 rom og seks F&B konsept.
MYRKDALEN FJELLHEISER
Myrkdalen Fjellheiser har sidan 2002 vokse til å verta eit av dei store skianlegga i Norge med 9 heisar og ein moderne maskinpark i drift. Me har 10 faste tilsette og i sesongen ca. 80 tilsette. Myrkdalen er ein del av konsernet ARU med hovudaktivitet i Flåm.Myrkdalen Fjellheiser har for tida ingen ledige stillingar.
MYRKDALEN HOTEL
Myrkdalen Hotel på Voss er eit fullservice heilårshotell med driftsgrunnlag i nasjonal og internasjonal turisttrafikk og kurs/konferanse. Hotellet har 112 rom og seks F&B konsept.
MYRKDALEN SKISKULE
Myrkdalen Skiskule har for tida ingen ledige stillingar.