Ta toget til Voss

Finn oss

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre to timar unna Bergen, Sogndal og Geilo.

Med tog
kart over Myrkdalen

Voss Jernbanestasjon er ein av stasjonane langs Bergensbana som går mellom Oslo og Bergen. Frå Bergen tek det 1,5 time og frå Oslo 5 timar. Du finn togtider på www.vy.no

Gratis skibuss
Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo.

Vår gratis skibuss startar så snart skianlegget er ope. Det tek ca 40 minutt med buss frå Voss Stasjon til Myrkdalen

I tabellen under ser du alle avgangar for både gratis skibuss og rutebussar mellom Voss Stasjon og Myrkdalen, samt tider dei korresponderer med tog. 

Buss frå Voss Stasjon
Buss frå
Voss Stasjon
Ankomst tog
frå Bergen
Ankomst tog
frå Oslo
Gratis skibuss Skyss-buss
Kl. 08.30 Ankomst tog frå Bergen:Kl. 08.09 Ankomst tog frå Oslo: Kl. 05.20 Gratis skibuss: I helger og heilagdagar Skyss-buss:  Måndag - fredag
Kl. 10.00 Ankomst tog frå Bergen:Kl. 09.53 Ankomst tog frå Oslo:  Gratis skibuss: Kvar dag Skyss-buss: 
Kl. 14.40 Ankomst tog frå Bergen:Kl. 14.14  Ankomst tog frå Oslo:   Kl. 13.41 Gratis skibuss:I helger og heilagdagar Skyss-buss: Måndag - fredag
Kl. 15.50 Ankomst tog frå Bergen:Kl. 15.14 Ankomst tog frå Oslo: Gratis skibuss: Skyss-buss: Alle dagar utanom laurdag
Kl. 18.30 Ankomst tog frå Bergen:Kl. 18.16 Ankomst tog frå Oslo: Kl. 17.36 Gratis skibuss:Kvar fredag Skyss-buss: 

 

Buss frå Myrkdalen
Buss frå
Myrkdalen
Avreise tog 
mot Bergen
Avreise tog
mot Oslo
Gratis skibuss Skyss-buss
Kl. 07.25 Avreise tog mot Bergen:Kl. 08.33 Avreise tog mot Oslo: Kl. 09.07 Gratis skibuss:  Skyss-buss: Skuledagar
Kl. 09.45 Avreise tog mot Bergen:Kl. 10.39 Avreise tog mot Oslo:Kl. 13.09 Gratis skibuss: Skyss-buss: Måndag - fredag
Kl. 10.50 Avreise tog mot Bergen:Kl. 12.33 Avreise tog mot Oslo: Kl. 13.09 Gratis skibuss: I helger  Skyss-buss:  
Kl. 15.40 Avreise tog mot Bergen:Kl. 16.35 Avreise tog mot Oslo: Kl. 17.09 Gratis skibuss: Kvar dag Skyss-buss: 
Kl. 16.30 Avreise tog mot Bergen:Kl. 17.38 Avreise tog mot Oslo: Gratis skibuss:  Skyss-buss: Alle dagar utanom laurdag

 

Skibillett frå Bergen i vintersesongen
Dette er ein enkel og rimelig måte å komma seg til pudderparadiset Myrkdalen! Skibilletten inkluderer: Tog tur/retur Bergen – Voss, buss tur/retur Voss – Myrkdalen og dagskort i Myrkdalen. Prisar og lenkje tilbestilling blir lagt ut i haust. 

Med bil
Myrkdalen ligg to små timar unna Bergen, frå Oslo tek det ca 6 timar. Frå Voss sentrum køyrer du på E16/ RV 13 mot Sogn. På Vinje tek du mot Vik/Myrkdalen i rundkøyringa. Myrkdalen Fjellandsby ligg då på venstre side av RV 13 etter 9 km.

Finn køyrerute på google maps

Leigebil under opphaldet
Kjem du med offentleg transport til Voss og ynskjer leigebil under opphaldet? Hertz har bilutleige i Storrviki i Skulestadmo. For meir informasjon ta kontakt på tlf: 56 51 39 10 

Med fly
Flesland/Bergen International Airport med direktefly frå København, Amsterdam og London, ligg berre 2 timar unna Myrkdalen.

Vil du bli henta på Flesland?
Me tilbyr transport frå og til Flesland. Tenesta kostar kr 990,- per person tur/retur. Bestill henting minst ei veke før ankomst direkte til: +47 47 47 16 00

Taxi på Voss
Ring og bestill vanleg taxi eller maxi-taxi på 56 51 13 40