Aktiv ferie på
Myrkdalen Hotel
I hjarta av Fjord-Noreg finn du moderne Myrkdalen Hotel. I vakker natur byr ferien på spektakulære opplevingar og måltid med lokale råvarer - sommar som vinter. Med parkeringsplass rett ved hotellet styrer du tempoet på dagane sjølv. I Myrkdalen har du eit hav av moglegheiter enten du er på jakt etter ein spanande ferie med familien eller finna roen i majestetisk vestlandsnatur.
I tillegg til standardrom har hotellet mange ulike romtypar å velja mellom – frå familierom med gjennomgang, til elegante suiter av ulike storleikar. Me har moderne konferansefasilitetar, to leikerom, to barar og tre restaurantar.