Hotell, hytter og leilegheiter
Overnatting
I Myrkdalen tilbyr me overnatting for ein kvar smak. Du kan velja mellom å bu på hotell eller i sjølvhushald i leilegheit eller hytte, det meste i ski-inn ski-ut nærleik til skiheisane. Myrkdalen Hotel ligg i botnen av skisenteret og har 112 rom i ulike kategoriar, medan leilegheitene og hyttene er i ulike størrelsar. Ynskjer du ein heilt unik overnattingsstad, bør du sjekke ut den ombygde Tråfjosen. Ta også ein kikk på dei gode pakketilboda våre!