MATOPPLEVINGAR
Kaféar og barar i Myrkdalen
Anten du treng energipåfyll mellom rundane i bakken, er kaffitørst eller ynskjer noko godt i glaset, finn du gode alternativ blant kaféane og barane i Myrkdalen.
- Kamben Kafé & Bar har god kaffi, enkle rettar og eit stort utval øl frå lokale bryggeri.
- Myrkdalsstovo like ved Velkomstsenteret i 1. etasje har signaturretten skikøyrar sandwich som me anbefaler.
- 2. etasje i Myrkdalsstovo byr på rask varm og kald mat, perfekt for ein kjapp lunsj.
- Fjellstova Vetlebotn ved Kari Traa-trekket midt i skisenteret, har tradisjonsrik mat basert på lokale råvarer.
- Salto Lobby Bar på hotellet har ein avslappa atmosfære. Nyt gjerne ein drink eller to her
- Pudder har lunsj på dagtid og køyrer på med afterski på ettermiddag/kveld i helgene.
Har du medbrakt niste? Du er velkomen til å sitja i 1. etasje i Myrkdalsstovo eller i Storebotn på hotellet.
Tips: Helgatunkaféen hjå Helgatun Fjellpensjonat serverer heimelaga varmmat.
Valet er ditt!