Fjellstova Vetlebotn
Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. Kaféen serverer heimelaga mat basert på lokale råvarer.
I lyse omgjevnadar med utsikt over fjellet kan du nyta god mat basert på lokale råvarer og oppskrifter. Her vert den lange historia for stølsdrift i Myrkdalen hylla langs veggane, og det koselege lokalet passar like ypparleg som møteplass for familien eller vennegjengen på ski, som for deg som vil arrangera selskap og private arrangement.
Ein samlingsplass med tradisjonsmat i bakken
Plassert midt i skisenteret er Fjellstova Vetlebotn perfekt for ein pause frå skikøyringa. Her kan beina få ein kvil medan du får påfyll av energi frå den velfylte menyen.
Med plass til opp mot 200 gjester utvidar dette kafékapasiteten vår betrakteleg, og du treng ikkje stå heile vegen ned att til sentrum for å få deg ein kaffikopp eller må på toalettet.
Her er det tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer som er i fokus. Rettane er laga av reine ingrediensar frå regionen, mellom anna enklare rettar som pølse frå Vossakjøt i brød og lapskaus frå Haugen Gardsmat. Middagsrettane har også den same høge kvaliteten. Prøv til dømes sosekjøt - smakfullt og mørt, og heimelaga karbonade med godt tilbehøyr.
Me har også gode alternativ til deg som ikkje ynskjer kjøt.

Ein ode til stølskulturen i dalen
Stølsdrift har historisk vore ein viktig del av livet i Myrkdalen. Sidan Fjellstova Vetlebotn ligg nettopp på ein støl, ynskjer me å gje litt heider til denne delen av landbruket. Me har difor samla inn og hengt opp gamle bilete slik at du kan få eit lite innblikk i stølslivet før i tida.
Stølane var tradisjonelt kvinnene sitt domene. På somrane flytta dei opp hit som budeier, for å ta seg av dyra og foredle mjølka.
Tru likevel ikkje at livet på stølen berre var idyll med mjølking av kyr og kinning av smør.
Etter morgonstellet med dyra, gjekk budeiene kvar dag ned att på garden for å delta i slåtten og laga mat til mennene. Tilbake på stølen var det tid for å lokalisere kyrne og ta kveldsstellet. Midt på sommaren var det stølshelg. Då samlast alle frå dei ulike gardane seg på stølen til eit triveleg samling med heimelaga rømmegraut. Rømmegraut står sjølvsagt på menyen i dag óg.
På hausten, når dyr og menneske var reist heim att, flytta huldrefolket inn på stølen.
Selskapslokale
Fjellstova Vetlebotn er også eit fint selskapslokale til ulike anledningar, frå romantisk bryllaupsfeiring til dåp, konfirmasjon og jubileum. Ta kontakt med oss dersom du ynskjer meir informasjon eller vil bestilla.