Myrkdalsstovo

Velkomstsenter

Velkomen til første etasje av Myrkdalsstovo i ny drakt. I velkomstsenteret finn du no landhandel, kafé og eit lite kunstgalleri. Som før får du sjølvsagt også kjøpt heiskort her.

Opningstider vintersesong 2021 / 2022
Sundag - torsdag: Kl. 08.00 - 17.00
Fredag og laurdag: Kl 08.00 - 18.00
I ferievekene 7, 8, 9 og 15: Kvar dag kl. 08.00 - 18.00
 

Ei fjøl med kanelsnurr og croissanter, to kaffikoppar og ei krukke sukkerbiter
Her finn du ein liten meny med god heimelaga mat for folk i farta.  Foto: Alex Baier 

Landhandel og kunstgalleri 

I landhandelen finn du økologiske råvarer frå lokale leverandørar, basisvarer og eit lite utval daglegvarer. 

Her er òg eit lite galleri med kunst frå den lokale kunstnaren Geir Nymark.  

Nyheit I vintersesongen kan du kjøpa "Den grøne matkassa" i Velkomstsenteret vårt
Den grøne matkassa

Heiskort

Heiskort kan du kjøpa i Velkomstsenteret, på nett, og på automatane som står på hotellet og Sport1 Myrkdalen. Har du sesongkort for 2020/2021? Dette gjeld også i sommar!

Et nista di eller kjøp i kaféen 

I kaféen serverer me enkle, sunne og gode rettar frå småskala leverandørar. Du vel sjølv om du vil eta inne eller ta med.  

Har du med deg niste du helst vil eta, kan du gjera det her.  

Opningstider & menyar Restaurant & kafèar tunet

Legg frå deg utstyr i verdiskapet 

I Myrkdalsstovo sitt velkomstsenter kan du òg leggja frå deg utstyr i verdiskapet. Har du mista noko i løpet av opphaldet finn du også hittegods her.