Myrkdalen

Historia vår

Frå jordbruk til ein destinasjon med skianlegg, hotell, serveringstilbod, sykkelløyper, sportsbutikkar og over 650 fritidsbustader i løpet av 20 år!

I januar 2003 opna me vårt fyrste skitrekk. På den tida stod dei lokale damene for heimelaga mat i brakkeriggen like ved parkeringsplassen. Skiutleiga var vegg i vegg, og skiskulen på benken utanfor. Det fyrste året var miljøet så lite at både tilsette og gjester var på fornamn med kvarandre.

Då sesongen vart oppsummert for selskapet sine ni tilsette, vart det presentert storstilte planar for den vidare utviklinga. Med ein heilskapleg plan i botn var strategien å bygga stein på stein og presentera noko nytt kvart einaste år.

Dei store milepælane har sidan den gong vore:

  • Myrkdalsstovo velkomstsenter (2006)
  • Kari Traa-trekket (2007)
  • Myrkdalsekspressen 6 setar stolheis (2008)
  • Myrkdalen Hotel med 112 rom, tre restaurantar, to barar, kurs & konferanse og leikerom (2012)
  • Storhaugekspressen 6 setar stolheis (2014)
  • Mikkel & Mikkeline trekk i barneområdet som dobla kapasiteten (2016)
  • Torggarden, bygg med 21 leilegheiter, sportsbutikk og skiutleige (2016)
  • Kamben, bygg med 26 eksklusive leilegheiter, sportsbutikk, kafé og bar (2019).

Med ni heisar og over 20 løyper er skisenteret i dag eit av  dei største på Vestlandet. I tilknytning til skisenteret finn du i tillegg herleg terreng for frikøyring, preparerte langrennsløyper og eit fantastisk område for fjell- og toppturar. 

Myrkdalen er eit aktivitetseldorado også om sommaren. Vandring, fiske og kort veg til fjordidyll. Destinasjonen har no også fått tilrettelagt sykkelløype og ein 700 kvm pumptrack rett ved hotellet. Sykkelsatinga held fram og det kjem fleire tilrettelagde stiar alt til neste sommar. 

Me tør garantera at du hjå oss finn aktivitetar som både gir høg puls og ro i sjela.    

Myrkdalen er framleis ein destinasjon i rivande utvikling og me ser fram til kva framtida vil bringa

Velkomen til oss!

 

Våren 2020 fusjonerte Myrkdalen Fjellandsby med Aurland Ressursutvikling, og er i dag ein del av Norway's best AS, eit av Noregs største reiselivsselskap med aktivitet i Flåm, Aurland, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik.