Langrenn

Langrenn & fjellski

Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. I Myrkdalen er det kupert terreng som skapt for langrenn- og fjellskiturar. Årmotslia ligg rett over vegen for skisenteret, med preparerte langrennsløyper for både klassisk og skøyting. Vikafjellet byr på fjellskiskiturar i vakre fjellområde – godt eigna både for langturar og barnefamiliar som vil på pulktur og nyta snøen.