Langrenn i Myrkdalen

Myrkdalen løypelag

Hausten 2017 vart det skipa løypelag i Myrkdalen, som skal arbeida med å:

Etablera, utvikla og drifta tur- og skiløyper i Myrkdalen og tilstøytande område, løfta kvaliteten på dei løypene/områda som i dag vert trakka, samt utvida og betra løypenettet.

Laget er organisert som ei foreining, og har eit ikkje-økonomisk føremål. Alle inntekter skal gå til drift eller investeringar i nye løyper, utstyr eller driftsmidlar.

Det vert for tida arbeidd med oppdatering av grunneigaravtalar, som forhåpentlegvis  kjem på plass i tida framover. Denne vinteren er det mogeleg å bruka langrennsskia i ei samanhengande løype frå Årmotslia, via Røvhaugane og Tjørnarhovden ned Bygdadalen og heilt til Myrkdalsvatnet. 

Løypelaget treng hjelp for å få dette til, og håpar du kan tenkja deg å verta støttemedlem.

Medlemer i løypelaget er Myrkdalen Hytteeigarlag, sameigene i Myrkdalen Vest, sameiget Helgatunteigen I, Myrkdalen Camping, Vossestrand Hotel og Myrkdalen Fjellandsby. Idretten er med som nær samarbeidspartnar gjennom Årmotslia Skisenter, og grendalaget har også vore med undervegs i prosessen. Dei store utbyggjarane i dalen har dessutan forplikta seg til å bidra betydeleg til økonomi og drift av løypelaget.

Støttemedlemskap
Støttemedlemskap i Myrkdalen Løypelag kostar 750,- per år for heile familien, og gjeld for sesongen 2020 / 2021. Bidraget går direkte til føremålet – å skapa eit endå betre langrennstilbod for alle skiglade i Myrkdalen, både fastbuande og tilreisande. Løypelaget set stor pris på ditt bidrag!

Det snør ikkje skispor - me set pris på di verdifulle støtte 

Innbetaling
Innbetaling skjer lettast via Vipps - bruk nummer 504177, eller du kan betala inn direkte til konto 3633.55.46355. Merk innbetalinga med medlemsnamn.

På førehand - tusen hjarteleg takk!