Matopplevingar
Mat & drikke
Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet i Myrkdalen. Her blir rettane laga frå botn av og mykje av råvarene blir leverte av lokale bønder. Me har tre restaurantar med à la carte, fondue og heimelaga pizza som er viden kjend langt utanfor landegrensa. Her finn ein også fem kaféar, med velsmakande rettar for folk i farta.
Har du medbrakt niste kan du i vinter eta den i 1. etasje av Myrkdalsstovo eller i Storebotn på hotellet.