Julebord på Myrkdalen Hotel

Julebord på Myrkdalen Hotel

Barnevenleg julebord eller julebord saman med kjærast, vener eller kollegaer? Førjulstida og julebord handlar om gode matopplevingar i godt lag.

Julebord Familiejulebord

 

Julebord Nuten

Julebord

Få ei spesiell oppleving - Dette er helga for dykk som vil kjenna på den koselege førjulsstemninga med overnatting, god mat og underhaldning på Myrkdalen Hotel.

Opplev:

  • 4-rettar julemiddag i Restaurant Nuten laurdag. Fyrste bordsete kl. 18.30
  • Trubadur i Salto Lobby Bar frå kl. 21.30
  • DJ i Pudder Afterski

Me serverer ein spennande 4 rettar julemiddag, laga av lokale råvarer. Sjå meny her.

Etter julemiddagen kan de setja dykk godt til rette med noko godt å drikka i Salto Lobby Bar der ein trubradur sørger for stemningsfull underhaldning. Feststemning vert det også i Pudder med dansegolv og DJ som spelar opp til dans.

Tilgjengelege datoar: 25. november, 2. og 9. desember

Bestill julebord

 


 

Familiejulebord Nuten

Familiejulebord med trylleshow

3. og 10. desember kl. 13.00

Her blir det julestemning for store og små! Ta med heile familien, bestemor og bestefar, og bli med på familiejulebord på Myrkdalen Hotel. Her vert det ein stor julebuffé med blant anna røykt pinnekjøt, ribbe og medisterkake.

Etter julemiddagen kan de gle dykk til eit artig show med tryllekunstnaren Geir Elling som vil overraska store som små med dei magiske triksa sine.

Nissen kjem sjølvsagt og helsar på borna under familiejulebordet! Kanskje har han med seg noko godt til borna?

Bestill her

 

Familiejulebord på Myrkdalen Hotel