Ta toget til Voss

Skibuss og Skitog

Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo.

Det tek ca. 40 minutt med buss frå Voss Stasjon til Myrkdalen. I tabellen under ser du alle avgangar for både gratis skibuss og rutebussar mellom Voss Stasjon og Myrkdalen, samt tider dei korresponderer med tog. 

Busstider Voss - Myrkdalen

Buss Myrkdalen - Flåm 

Grunna stor pågang på buss i helger, ynskjer me at ein melder seg på skibussen i forkant slik at me har nok bussar som går på laurdag og søndag. 

Påmelding skibuss

Gratis skibuss til Myrkdalen

  • Tek på reisande til Myrkdalen, med moglegheit for påstiging langs vegen. Avstigning er Myrkdalen Fjellandsby, utanfor hotellet. Det er altså ikkje mogleg å gå av bussen før. 

Gratis Skibuss frå Myrkdalen

  • Går frå Myrkdalen Hotel og stoppar undervegs dersom det er skigjestar som skal av undervegs, før Voss stasjon.
    NB! Viktig at gjestar som skal av undervegs legg inn skia sine til slutt. Det er ikkje mogleg for påstiging langs vegen.

Rutebuss
Dette er ordinære rutebussar som stoppar for på/avstiging på haldeplassar langs vegen. Billettar til Skyss sine rutebussar kjøper du i appen deira eller direkte ombord på bussen. Ver OBS på at rutebussen går frå perong B/C på kvardagar. 

NB! Rutetider på buss og tog kan verta endra ved feriar/høgtider eller andre spesielle hendingar. Julaftan og 1. juledag går det ikkje skibuss frå Voss. Langfredag går ikkje avgang kl.19.00 frå Voss. Sjekk dagens status under webcam & føremelding eller på Facebook.

 

Her finn du bussane

Avgang Voss - Gratis skibuss går frå busslomma framfor Voss Kulturhus, vis-à-vis Voss Busstasjon. Skyss sine bussar  går frå plattform B / C.

Ankomst Myrkdalen - Gratis skibuss køyrer til Myrkdalen Hotel, skyss sine rutebussar har busstopp på RV 13, ved avkøyringa til Myrkdalen Fjellandsby.

Avgang Myrkdalen - Gratis skibuss går frå parkeringsplassen utanfor Myrkdalen Hotel. Skyss sine rutebussar går frå RV 13, ved avkøyringa til Myrkdalen Fjellandsby.

Ankomst Voss - Både skibuss og rutebuss køyrer til busslommene ved Voss stasjon.

 


 

Gruppebestilling
NB! Grupper over 10 personar må melda frå til post@myrkdalen.no

 


 

Skitog frå Bergen i vintersesongen 2023 - 2024

Dette er ein enkel og rimelig måte å komma seg til pudderparadiset Myrkdalen! Skibilletten inkluderer:

  • Tog tur/retur Bergen – Voss
  • Buss tur/retur Voss – Myrkdalen
  • Dagskort i Myrkdalen.

Skibillett kan bestillast kvar dag i vintersesongen.

Bestill skibillett her

 

 

Vil du bli henta på Flesland?

I vintersesongen tilbyr me transport frå og til Flesland for overnattingsgjester. Pris på førespurnad. Bestill henting minst ei veke før ankomst.
kundeservice@myrkdalenhotel.no / +47 47 47 16 00