Fjellski på Vikafjellet

Tre flotte fjellskiturar på Vikafjellet

På Vikafjellet er moglegheitene for fjellskiturar uendelege – enten du vil på langtur eller berre nyta ettermiddagssola i høgda. 

Vikafjellet er fjellplatået som ligg mellom Myrkdalen og Vik. Dette er også inngangsporten til Stølsheimen, som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella.

Under gjev me deg tre tips til fine fjellskiturar i området, enten du vil opp på eit fjell med fjordutsikt eller gå på pulktur innover slakt og småkupert terreng. 

Barnevenlege Sendedalen

Fjellski på Vikafjellet

Tre km ovanfor hårnålsvingane ved Holo finn du ein stor parkeringsplass ved starten av Sendedalen. Dette er eit populært område for særleg barnefamiliar, då terrenget er småkupert og lettgått. Du finn ikkje preparerte løyper her, men det går ofte skispor innover som fylgjer dalbotnen over vatna som ligg på rekkje og rad innover.

Går du tidleg på vinteren, før det er trygt å gå på vatna, er den beste ruta å fylgja sommarturstien, som held seg på høgre sida av vassdraga. 

Så er det berre å velja om de vil leggja ut på langtur innover dalen eller om de vil laga hopp og ta med akebrett like ved vegen.

Les også Finn roen i Myrkdalen 
Finn roen i Myrkdalen

Utsikt mot Sognefjorden frå Skjelinganosi

Skjelinganosi
Mot Skjelinganosi i solnedgang. Foto: Svein Ulvund. 

Skjelinganosi er eit godt alternativ tidleg på vinteren. Her kan du starta frå Skjelingen, eit par kilometer forbi fylkesgrensa retning Vik, og gå på vegen mot Selhamar. Etter eit par kilometer tek du inn til venstre mot Snjodalen og opp langs kraftlinja. Så dreier du nordover mot toppen av Skjelinganosi, som byr på flott utsikt mot Sognefjorden og fjella rundt. 

Snøen ligg lenge på Skjelinganosi – her kan du ofte gå så seint som i juni

Overnatting Bestill overnatting her
Hotellrom på Myrkdalen Hotel

Langtur til Fossfjellet

Fossfjellet på fjellski
Fossfjellet er ei perle av ein fjellskitur. Foto: Svein Ulvund

Eit fint utgangspunkt for fjellskiturar på Vikafjellet er å parkera ved kommunegrensa. Det er solfylt på austsida og dei småkuperte dalane byr på nydeleg skiføre både tidleg og seint på vinteren. Det er fleire ruteval inn til Fossfjellet og du kan velgja å gå i dalføra eller via toppar med fine nedkøyringar. 

Er du heldig kan du sjå både ryper og ein flokk med 100 - 300 reinsdyr som held til i området. Nyt synet, men ikkje fylg etter dei.

Ei rute er å gå langs sørsida av Buforevatnet mot nordsida av Svartavatnet og vidare opp til toppen. Dersom ein ikkje vil gå heilt til topps er hytta ved Svartavatnet eit fint turmål. Fossfjellet har fantastisk utsikt mot Sognefjorden og fjella rundt.

Tidleg vinter og vårskikøyring
Vikafjellet er mest besøkt tidleg vinter, før snøen har lagt seg i Myrkdalen, samt på våren då vèret er meir stabilt. Området er vèrutsett og midtvinters er vegen ofte stengd mellom Myrkdalen og Vik. Sjekk difor vèrmeldinga før du legg ut på langtur her. 

God tur!