hytter i Myrkdalen

Leig hytte i Myrkdalen

Skal du ha med venegjengen eller storfamilien til Myrkdalen Fjellandsby? Eller berre ynskjer god plass og sjølvhushaldning på skiferien? Leig ei av dei romslege hyttene i Myrkdalen.

Hyttedrøm i Myrkdalen

 

Generell informasjon ved hytteleige i Myrkdalen

Alle hyttene kjem med fullt utstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, bad med dusj og toalett, sofagrupper, TV og spisebord.  

Innreiing og utstyr varierer frå hytte til hytte, då fleire er privateigd.  

Hyttene ligg med ski-in ski-ut avstand til skisenteret og Myrkdalen Hotel med alle sine fasilitetar er i gangavstand. Her har vi tre restaurantar og tre barar, samt innandørs leikerom for dei minste. 

 

Sjekk også ut det store og varierte tilbodet av leilegheiter til leige! 

 

Utvask og sengetøy/handkle frå hotellet er obligatorisk på alle hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby og er inkludert i prisen.

NB! Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter.

 

Kontakt oss
Ta kontakt med oss på e-post kundeservice@myrkdalenhotel.no dersom du ynskjer å leiga hytte i Myrkdalen Fjellandsby