1. Generelle vilkår
1.1 Desse generelle vilkåra gjeld mellom Myrkdalen Fjellandsby AS og andre som inngår avtale med Myrkdalen Fjellandsby AS i henhold til bekreftelsen (gjesten)
1.2 Myrkdalen Fjellandsby AS stiller seg ansvarleg for alle transaksjonar som går gjennom myrkdalen.no. 
1.3 Myrkdalen Fjellandsby AS er ansvarleg for at våre underleverandørar får betalt for det gjesten har bestilt gjennom oss. Våre underleverandørar er ansvarleg for kvar sin del av sitt program; fullstendige forsikringar, løyver, utstyr, bemanning og anna, som er i samsvar med dei gjeldande lovane og reglane for leverandøren.
1.4 Gjesten som bestiller på myrkdalen.no må vere fylt 18 år. Dette gjeld for alle varer og/eller tenester som kan bestillast på gjeldande nettside, ekskludert Hytter/Leilegheiter (j.f § 1.5)
1.5 Ved bestilling av Hytter/Leilegheiter må den som bestiller vere minst 23 år.
1.6 Myrkdalen Fjellandsby AS fråskriv seg ansvar for feil gjesten gjer dersom ein ikkje har følgt våre vilkår. Vilkåra beskyttar deg som gjest og Myrkdalen Fjellandsby AS som distributør.

2. Bestilling
2.1 Ei bestilling er bindande så snart eit bookingnummer er tildelt gjesten og betaling fullført. Det er gjesten sitt ansvar å kontrollere at ankomst- og avreisedato, samt alt anna som er av betyding for bestillinga er korrekt.

3. Betaling
3.1 Gjesten skal betale 100 % ved bestilling via myrkdalen.no. Gjesten tek med seg kvitteringa ved ankomst. 3D Secure er aktivert for websida.
3.2 Vår samarbeidspartnar Teller AS er ansvarleg for at kredittkortnummer og -kodar vert handtert trygt i samsvar med dei krav som er definert i Payment Card Industry Data Security Standard (PCI DSS).

4. Forsikring
4.1 Me anbefaler alle våre kundar sjølv å sørgje for gode forsikringsavtalar før reisa, i tilfelle sjukdom, tap eller skade på reisegods, ulykke, ansvar og liknande.

5. Vilkår for alle produkt som blir bestilt på myrkdalen.no, unnateke Heiskort

5.1 Avbestilling
5.1.1 Avbestilling skal skje skriftleg på e-post til [email protected]
5.1.2 Om avbestillinga finn stad 30 dagar eller tidlegare før ankomst, betalar Myrkdalen Fjellandsby AS tilbake 100 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
5.1.3 Om avbestillinga finn stad mellom 29 dagar og 14 dagar før ankomst, betalar Myrkdalen Fjellandsby AS tilbake 50 % av innbetalt beløp. Ein eventuell refusjon går til det kredittkortet som er brukt ved bestilling.
5.1.4 Dersom avbestilling skjer mindre enn 14 dagar før ankomst vert beløpet ikkje refundert.

5.2 Endring av bestilling
5.2.1 Endring av ankomst- og/eller avreisedato skal skje på telefon 47 47 16 00 eller på e-post til [email protected]. Eit gebyr kan i nokre tilfelle påløpa.

5.3 Innsjekk, utsjekk og ankomst for alle overnattingseiningar
5.3.1 Innsjekk for alle overnattingseiningar er på Myrkdalen Hotel etter kl. 16.00 på ankomstdagen
5.3.2Utsjekk for alle overnattingseiningar er på Myrkdalen Hotel før kl 11.00 på avreisedagen
5.3.3 Skipass som vert seld saman i ei pakke med overnatting skal hentast på Myrkdalen Hotel.
5.3.4 Resepsjonen på Myrkdalen Hotel er døgnope, men dersom tidspunktet for ankomst er seinare enn kl 18 ber me om å bli informert om dette på telefon eller e-post.

5.4 Endring av overnattingseining
5.4.1 På bakgrunn av hendingar som ligg utanfor Myrkdalen Fjellandsby AS sin kontroll, har Myrkdalen Fjellandsby AS rett til å flytta gjesten til ein likeverdig overnattingseining. Der det er mogleg, skal gjesten informerast på førehand om slike endringar. Slike endringar gjev ikkje gjesten rett til å unnlate betaling for opphaldet.

5.5 Klagar på overnattingsstaden
5.5.1 Dersom gjesten har klagar angåande sin overnattingseining ved ankomst eller under opphaldet, ta snarast kontakt med resepsjonen på Myrkdalen Hotel, slik at det er mogleg å rette opp feilen.
5.5.2 Feil som vert informert om ved avreise eller seinare, vert ikkje kompensert økonomisk

5.6 Spesifikke vilkår for Hytter/Leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby
5.6.1 Straum er inkludert i prisen. Ved er ikkje inkludert og må bestillast separat.
5.6.2 Opphaldet er basert på sjølvhushald. Leige av sengetøy er obligatorisk og kostar 150 kr per person per opphald. Handklede er inkludert i prisen. Oppreidde senger (på førespurnad): Kr 300,- per person
5.6.3 Gjesten er ansvarleg for eventuell skade som ikkje skuldast normal slitasje. Ved forsikringsskade vert eigenandel belasta gjesten
5.6.4 Overnattingseininga må forlatast ryddig, avfall skal plasserast i avfallsbod i hyttefelta og sengetøy som er leigd av Myrkdalen Fjellandsby skal leverast i resepsjonen på Myrkdalen Hotel.
5.6.5 Ved leige av alle våre overnattingseiningar må ein betale for utvask. Pris på utvask varierer frå eining til eining.
5.6.6 Røyking er ikkje tillete i våre einingar og det er kun tellete å ha med husdyr i hyttene/leilegheitene dersom dette er avtalt skriftleg med Myrkdalen Fjellandsby AS. 

6. Vilkår for Heiskort
6.1 Heiskort er personleg og kan ikkje bli overdratt til andre
6.2 Mista kort vert ikkje erstatta
6.3 Det er ingen returrett på heiskort
6.4 Ved misbruk eller brot på dei alpine løypereglane blir kortet inndratt. Desse reglane kan gjesten lesa på myrkdalen.no
6.5 Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maksinfeil eller liknande.

7. Vilkår for Skiutleige

7.1 Avbestilling
Viser til punkt 5.1

7.2 Utlevering av utstyr
7.2.1 Utstyr som er bestilt via myrkdalen.no kan hentast i Myrkdalen Sport & Skiutleige, vis a vis Myrkdalen Hotel. Gjesten kan henta utstyret frå kl 15.00 dagen før utleigeperioden (frå kl 20.00 på fredagar) eller frå kl 09.00 når utleigeperioden startar. 
7.2.2. Alle gjester som henter utstyr må trekkja kølapp i Myrkdalen Sport & Skiutleige ved ankomst.

7.3 Innlevering av utstyr
7.3.1 Utstyr må leverast i Myrkdalen Sport & Skiutleige innan kl 16.00 fram til 31. januar og innan kl 16.30 fram til 1. mai når utleigeperioden er ferdig.

7.4 Erstatning
7.4.1 Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maksinfeil eller liknande.

8. Vilkår for Skiskule

8.1 Avbestilling
Viser til punkt 5.1

8.2 Erstatning
8.2.1 Det vert ikkje gitt erstatning ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maksinfeil eller liknande.

9. Force Majeure og utilfredstillande vèrforhold
Myrkdalen Fjellandsby AS og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for utilfredsstillande vèrforhold, stengte fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet si kontroll. Me tek forbehold om feilprising, beskriving av tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom varen som er kjøpt ikkje kan bli brukt på grunn av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn­ eller el-­tilførslar, og liknande hendingar som verken Myrkdalen Fjellandsby AS eller gjesten kunne forutsjå eller påverke.