• Bu
  • Gjere
  • Heiskort
Bu
Gjere
Heiskort

Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Hotel er eit moderne fjellhotell på Voss og ligg berre to timar frå Bergen. Hotellet ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena.

Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.

I tillegg til standardrom har hotellet mange ulike romtypar å velgje mellom – frå familierom med gjennomgang til ei elegant suite på over 100 m2. Alle romma held internasjonal standard – med fine fargetonar og lekre detaljar.

Me har moderne konferansefasilitetar, to leikerom, to barar og tre restaurantar. Maten smakar som landskapet, vilt og reint – med innslag av friske overraskingar!

Hausttilbod

I haustferien og under arrangementa MyrkdØL-festivalen, Countryfest, Smak og tonar og Yogahelg har me svært gode tilbod på Myrkdalen Hotel.

Bestill her