Parkering Myrkdalen Fjellandsby

Parkering

Visste du at det er gratis parkering hjå oss, og heile 1000 parkeringsplassar i tilknyting til skianlegget?

Her får du vita korleis du kan parkera strategisk til, anten du skal på ski med dei minste i Badnabakken, på langrennstur i Årmotslia eller berre nyta eit hotellopphald.

 

La bilen stå under heile opphaldet

 

Droppsone

Er du sjåfør og har bilen full av pakkenellikar og skiglade vener, kan du køyra opp til droppsona mellom Myrkdalen Hotel og Sport1 Myrkdalen. Her kan du setja av både gjengen og alt utstyret.

Parkeringa på framsida av hotellet er for hotellgjester.

 

Følg instruksar frå parkeringsvaktene

På travle dagar har me parkeringsvakter i sving som skal sørgja for god trafikkflyt og utnytting av parkeringsplassane. Følg instruksane du får, og stå tett slik at flest mogleg får plass på rekkja. Men ver smart, ikkje stå slik at du sperrer nokon inne.

Blir du dirigert forbi hovudparkeringa, så fortvil ikkje! Du kan parkera til høgre frå barneområdet, og skli rett ned i Mikkel og Mikkeline trekket. Har du årskort eller kjøpt kort på nett kan du gå rett i heisen og kosa deg på ski.

Dersom ungdommen vil i parken ved Helgatun, kan du parkera nærme Helgatuntrekket, som er ope i helger og feriar.

 

Skal du på langrennsski?

Like ved skibrua over rv 13 til Årmotslia har me tilrettelagt parkering. Her er det berre å parkera bilen, spenna på seg skia og skli rett ut i preparerte løyper.

 

Bubilparkering

For deg som kjem med bubil er det fint om du står på nedste parkering, rett ved avkøyrsla frå hovudvegen.

 

God parkering og kos dykk hjå oss!