Privatundervisning - Snowboard

Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på snowboard eller om du allereie er god på snowboard, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.

  • Vinter

Kjøper du snowboardundervisning er du garantert å få kjøpe heiskort i anlegget same dag.


Privatundervisning er noko alle kan ta, uansett kva nivå ein befinn seg på. 


Det kan vera krevjande å læra seg å stå på snowboard - her lærer du enkle grunleggjande teknikkar og får tips om korleis du kan køyra skadefritt og mest mogleg økonomisk for kroppen. På denne måten kjem det store smilet på plass tidlegare!


UNDERVISNING

Me tilbyr undervisning i 100 minutt eller 3 timar per dag.


100 min: Frå kl 09.30 - 11.10 eller kl 13.30 - 15.10

3 timar: Frå kl. 9.30 - 12.30 eller kl. 13.00 - 16.00

Møt opp ved skiskulen sitt kontor på torget mellom Myrkdalsstovo og Myrkdalen hotel.


FLEIRE PERSONAR?

Det er mogleg å leggja til fleire personar på same undervisning i bestillinga. Fleire personar på samme instruktør legg du ved i steg 2


NB! For å få best mogleg utbyte av undervisninga anbefalar me at dei som skal vera med på same instruksjon er på likt nivå.


UTSTYR OG HEISKORT

Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon.


ONLINE BOOKING

Privattime kan bestillast online innan kl. 13.30 dagen før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til skiskule@myrkdalen.no


Phone: +4747471600