Sykkelløypa

Møt aktivitetsleiaren vår

Møt aktivitetsleiaren vår kvar dag denne veka og kvar laurdag fram til 13. oktober. Få tips og bli ein betre syklist!

Les meir

31. august - 2. september

Flugefiskehelg

Bli med Ingvild Aurdal og Cato Vivelid Nilssen frå VM-laget i flugefiske, på kaste- og fiskekurs. Alle nivå er velkomne!

Les meir og bestill

Eit mangfald av aktivitetar

Aktivitetar gjev gode minner og uansett om du reiser med familien, kjærasten, vener eller aleine, vil me at du skal ha ein unik ferie i Myrkdalen. Difor tilbyr me eit breitt utval av aktivitetar heile året.

SJÅ ALLE VÅRE SOMMARAKTIVITETAR

Myrkdalen i sommardrakt – eit aktivitetseldorado

Om sommaren byr området på vandrestiar i alle utgåver og eit spanande aktivitetstilbod som til dømes klatrepark, rafting, hesteriding, vindtunnell og paragliding. Myrkdalen ligg berre ein kort biltur unna Sognefjorden og Nærøyfjorden – hjå oss kan du kombinera fjell- og fjordidyll på ein og same dag.

Vandring i Myrkdalen
Du kan gå mange vandreruter i Myrkdalen, enten med utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel eller frå toppen av Myrkdalsekspressen. Myrkdalsekspressen går onsdag - sundag i juli og august. Området byr på korte turar som eignar seg for heile familien og lengre toppturar med fantastisk utsikt. Turane er skilta og delvis merka med staur, der stiane ikkje er tydeleg. Plukk opp eit gratis vandrehefte på Myrkdalen Hotel!

Miljøsti og natursti
Me har laga miljøsti på Leinevegen og natursti frå Vetlebotn til Helgatun. Hent svarskjema og få kart på Myrkdalen Hotel. Alle som deltek frå ein godis og dei med rett svar er med i trekninga om festivalpass til Myrkdalen Barnefestival!

Vekeprogram i juli og august
I Myrkdalen tilbyr me mange faste aktivitetar om sommaren; vandretur, havkajakk, flugefiske eller fisketur i båt. Rett utanfor døra til hotellet kan du setja deg på Myrkdalsekspressen. Heisen fraktar deg 400 høgdemeter kjapt og enkelt til fjells. Frå toppen kan du nyta utsikta eller leggje ut på ein lengre fjelltur.

Myrkdalen Sport
Vår sportsbutikk vis-à-vis Myrkdalen Hotel sel gode fritidsklede, fritidsutstyr, fiskeutstyr, samt sko for bruk i terreng og fjell. I tillegg får du her leiga høvelege ytterklede slik at du kan nyta heisturen utan å frysa. 

Terrengsyklar
Me har eit godt sortiment av syklar til utlån; fulldempa terrengsyklar, terrengsyklar for junior og til og med terrengsyklar med el-motor. Treng du hjelm, beskyttelse, sykkelklede og hanskar hjelper me deg med dette. Bestill terrengsyklar her

Myrkdalen Fjellandsby + sykkel = sant!
Myrkdalen Fjellandsby er godt kjent som Vestlandet sin vinterhovudstad, med det største alpinanlegget vest for Langfjella og det største hotellet i regionen rundt Voss. Fjellandsbyen er i full utvikling, og med rekordsal av leilegheiter hittil i 2018 ligg det an til at ein ved utgangen av sesongen 2018/19 vil finna over 700 fritidsbustader og fleire butikkar i sentrumsområdet. Visjonen er å verta Nordens leiande heilårsdestinasjon for familien, med naturbaserte aktivitetar året rundt som hovudfokus. Difor satsar Myrkdalen no tungt på stisykling! Fyrste byggjetrinn vart realisert i år og  byrjinga av juli opna me ny familievenleg sykkelsti rett utanfor Myrkdalen Hotel. Løypa passar for born og nybyrjarar, men også for syklistar som vil øva teknikk på små element!

Sjå våre sommaraktivitetar

Vinter i Myrkdalen
Om vinteren har me eit mangfald av aktivitetar og arrangement. For born, ungdom og familiar har me barneskirenn, jibbecamp, aketur, reveklubb, parallell-renn, festivalar, show med VilVite, kanefart, pudder & plask og mykje meir. For dei vaksne har me alt frå kurs, konsertar, guida turar, matopplevingar til skimesser  - her er noko for alle! 

Toppturar
Det er eit mangfald av toppturar i området rundt Myrkdalen. Det mest tilgjengelege fjellet er Finnbunuten (1358 moh) - ein forholdsvis kort tur frå toppen av Kari Traa-trekket. På andre sida av dalen ligg Myrkdalen sin høgaste topp - Bjørndalskamben (1402 moh) som byr på nydeleg utsikt. Om du sett deg i bilen har du mange alternativ til gode turar med nydeleg utsikt over fjord og fjell! Snøforholda i fjellområda rundt Myrkdalen er stabile om våren, og lange, lyse dagar innbyr til toppturar du seint vil gløyme. For meir detaljar og tips tilrår me boka «Toppturar i Vossafjell».

Opplev Myrkdalen

Nokre høgdepunkt

Guida flogefiske

I sommar har du ein unik sjanse til å bli med Ingvild Aurdal, ein av verdas beste kvinnelege flogefiskarar, på ein heildags guida fisketur. Ho har turar både for nybyrjarar og vidarekomne. 

Pris fra NOK 1800,-
Les meir og bestill

Vandretur til Breiskrednosi

I sommar kan du bli med på guida turar til spektakulære Breiskrednosi - 1189 meter over Nærøyfjorden!

Pris fra NOK 1290,-
Les meir

Guida havkajakktur i Sognefjorden

Tysdagar, fredagar og sundagar fram til 15. september kan du bli med guidar frå Outdoor Norway på nydeleg havkajakktur i Sognefjorden.

Bestill her

Matkurs med Smaksverkstedet

Fredag 12. oktober kjem Smaksverkstedet til Myrkdalen og har kurs for 10 - 14åringar. Bli med på eit kurs med praktisk matlaging der ein utforskar nye, spanande råvarer og smakar.

 

Bestill her

Middag og dans med Steinar Engelbrektson Countryduo

20. oktober er det duka for dans med Steinar Engelbrektson Countryduo på Myrkdalen Hotel. Kvelden byrjar med herleg 3-rettars middag servert i Restaurant Nuten før det blir dans i Storebotn til langt på kveld.

Pris fra NOK 695,-
Bestill her