• Bu
  • Gjere
  • Heiskort
Bu
Gjere
Heiskort

Hotellrom

Myrkdalen Hotel har mange romtypar, så her kan ein finna noko som passar for familiar, grupper og par. 

I tillegg til standardrom har me har sju elegante suiter, ei rekkje junior-suiter, familierom og 24 handikaprom.

Same kva type rom du vel, får du eit eksklusivt hotellrom av internasjonal standard med overflater av eik, kombinert med brune, beige og grå fargetonar – behageleg og lekkert. Alle romma har flott utsikt mot  skisenteret eller dalen.

Overnatting i Torggarden
Ynskjer du å overnatte i leilegheit, men samstundes nyte godt av alle fasilitetane hjå oss? Me tilbyr overnatting i Torggarden - eit steinkast unna hotellet. Du får opp Torggarden som alternativ under Myrkdalen Hotel på bookingsida vår.

Bestill overnatting her

Høstferieprogram

Organisert aktivitet i sykkelløypene kvar dag, el-sykkeltur, sykkelkurs for vaksne, ølfest, vinsmaking, guida vandreturar, traktorsafari, kveldsvandring, karneval og mykje meir!

Les meir

Vinsmaking og viltmiddag

Torsdag 11. oktober held Camilla Tufte frå Moestue Grape Selection vinsmaking på Myrkdalen Hotel, etterfulgt av 3-rettars viltmiddag med vinpakke i Restaurant Nuten. Avgrensa plassar - bestill tidleg!

Pris fra 995,-
Les meir

Middag og dans med Steinar Engelbrektson Countryduo

20. oktober er det duka for dans med Steinar Engelbrektson Countryduo på Myrkdalen Hotel. Kvelden byrjar med herleg 3-rettars middag servert i Restaurant Nuten før det blir dans i Storebotn til langt på kveld.

Pris fra NOK 695,-
Bestill her