I Myrkdalen har du sjansen til overnatte i en gamel løe, omgitt av historie og vakker natur

Overnatting i Tråfjosen

I Myrkdalen har du sjansen til å overnatta i ei gamal løa, omgjeven av historie og vakker natur.

tråfjosen
Foto: Finn Burrows

I skogen nedanfor Storhaugekspressen i Myrkdalen ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar.

Fjøsen har stått tom i over førti år, men no blir den tatt i bruk att - som overnattingsstad for folk.
 

Tråfjosen
Foto: Sverre F. Hjørnevik

Innvendig er båsane for kyrne framleis intakte, med fine steinheller til å skilja den eine frå den andre. I sørenden er det installert ein modul der tre vaksne eller to vaksne og to born kan overnatta. Eit vindauge strekk seg mot utsynet. Det blir som eit tredimensjonalt rom, men også som eit møbel. Sett frå utsida er det det einaste som indikerer at løa har endra seg. Til ein unik overnattingsstad som du kan oppleva heile året.

Bestilling på førespurnad direkte til Myrkdalen Hotel:
E-post: post@myrkdalenhotel.no
Tlf: 47 47 16 00