Ta toget til Voss

Skibuss og Skitog

Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo.

Det tek ca. 40 minutt med buss frå Voss Stasjon til Myrkdalen. I tabellen under ser du alle avgangar for både gratis skibuss og rutebussar mellom Voss Stasjon og Myrkdalen, samt tider dei korresponderer med tog.

Busstider Voss - Myrkdalen

 

NB! Rutetider på buss og tog kan verta endra ved feriar/høgtider eller andre spesielle hendingar. Sjekk dagens status under webcam & føremelding eller på Facebook.

 

Her finn du bussane

Avgang Voss - Gratis skibuss går frå busslomma framfor Voss Kulturhus, vis-à-vis Voss Busstasjon. Skyss sine bussar  går frå plattform B / C.

Ankomst Myrkdalen - Gratis skibuss køyrer til Myrkdalen Hotel, skyss sine rutebussar har busstopp på RV 13, ved avkøyringa til Myrkdalen Fjellandsby.

Avgang Myrkdalen - Skyss sine rutebussar går frå RV 13, ved avkøyringa til Myrkdalen Fjellandsby. Gratis skibuss går frå parkeringsplassen utanfor Myrkdalen Hotel.

Ankomst Voss - Begge bussar køyrer til busslommene ved jernbanestasjonen.

 


 

Gruppebestilling
NB! Grupper over 10 personar må melda frå til post@myrkdalen.no

Rutebuss-billettar
Billettar til Skyss sine rutebussar kjøper du i appen deira eller direkte ombord på bussen.

 


 

Skitog frå Bergen i vintersesongen 2021 - 2022

Dette er ein enkel og rimelig måte å komma seg til pudderparadiset Myrkdalen! Skibilletten inkluderer:

  • Tog tur/retur Bergen – Voss
  • Buss tur/retur Voss – Myrkdalen
  • Dagskort i Myrkdalen.

Skibillett kan bestillast kvar dag i vintersesongen.

Bestill skibillett her

 

Vil du bli henta på Flesland?

I vintersesongen tilbyr me transport frå og til Flesland for våre overnattingsgjester. Bestill henting minst ei veke før ankomst direkte til: +47 47 47 16 00