Isfiske på Lønavatnet

Isfiske på Lønavatnet

12. mars kan du bli med vår dyktige guide Ingvild Aurdal på ein minnerik dag med isfiske! 

Oppmøte
De køyrer sjølv til Smalahovetunet, som ligg ved Lønavatnet, ca 20 km frå Myrkdalen Fjellandsby retning Voss.

Guide
Ved Smalahovetunet treff de Ingvild Aurdal. Her får de utdelt alt av utstyr de treng for dagen, og vil få ein innføring i isfiske med tips undervegs. 

Bekledning
Ta på varme og vanntette klede. Me anbefaler ullundertøy, mellomlag og vann/vindtett jakke og bukse, gode og varme vintersko, varm lua, hals og vottar. Har du dunjakke anbefaler me å ta med denne også. 

Ta med
Ta med eigen mat og drikke.  Tips: Bur du på hotellet kan du be om å smøre lunsj og fylle termosen din med varm vatn under frukosten. 

Pris:
0 – 5 år: 300 kr
5 – 100 år: 500 kr 

Betaling via Vipps til Ingvild Aurdal 

Bestilling
Påmelding på mail til ingvild74@hotmail.com innan 9.mars. 

 

 

NB! Aktiviteten kan bli avlyst dersom det ikkje er trygg is.