Sesongkort for studentar, vernepliktige og pensjonistar

Sesongkort for studentar, vernepliktige og pensjonistar

Er du fulltidsstudent over 18 år, er vernepliktig eller pensjonist over 70 år?

Me har eit knallgodt tilbod til deg på sesongkort i Myrkdalen, som gjeld vintersesongen 2021/ 2022 og sommarheisen som går i juli og august 2022. 

NB! Dette kortet kan kun kjøpast i billettluka i Velkomstsenteret i Myrkdalsstovo mot gyldig bevis. Tilbodet gjeld heile vintersesongen. 

KNALLTILBOD SESONGKORT KR 2050,- 
Dette kortet gjeld for:

- Fulltidsstudentar over 18 år på høgskular, universitet og fagskular som har gyldig studentbevis og innbetalt semesteravgift
- Vernepliktige som dimmiterer i april 2022
- Pensjonistar over 70 år

- Kortet inkluderer vintersesongen 2021 / 2022 og sommarheisen som går i juli og august 2022.
- Kortet kan kun kjøpast i billettluka i Myrkdalsstovo mot gyldig bevis.
- Gyldig bevis må medbringast under bruk i skianlegget gjennom heile sesongen.
- Kortet kan kjøpast gjennom heile vintersesongen

STUDENTTILBOD DAGSKORT
I Myrkdalen får studentar også 40 % rabatt på dagskort kvar dag gjennom heile skisesongen. 

Korta kjøper du i billettluka i Velkomstsenteret vårt, mot framsyning av studentbevis og innbetalt semesteravgift. 

* Dagar med studentrabatt kan bli endra dersom det vert restriksjonar på kapasitet grunna til dømes pandemi