Leig hytter og leilegheiter i Myrkdalen

Leilegheiter i Myrkdalen

Ynskjer du sjølvhushald, men også å kunne nyte godt av fasilitetane i Myrkdalen sentrum? Leig ei av dei delikate leilegheitene i Myrkdalen Fjellandsby, så har du gangavstand til restaurantar, barar og aktivitetsområda.

Leilegheit innvendig i Myrkdalen, med peisovn, kjøkkenkrok og oppdekka bord

 

Generelt ved leige av leilegheit i Myrkdalen 

Alle leilegheitene me tilbyr er av høg standard og ligg nær både skisenter og vandrestiar om sommaren. Alle er fullt utstyrt for sjølvhushald, inkludert kjøkken med oppvaskmaskin, bad med dusj og toalett, sofagruppe, TV og spisebord.  

Dei fleste av leilegheitene er privateigde, så innreiing og utstyr varierer frå eining til eining.  

Leilegheitene varierer i størrelse og ligg i 7 ulike område rundt Myrkdalen sentrum.  

Få oversikt over områda og bestill den som passar dykk best her.  

Obligatorisk utvask og leige av sengetøy

Utvask er obligatorisk på alle leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy er også obligatorisk og kostar kr. 150,- per person per opphald. Handklede er inkludert i denne prisen. NB! Det er 23 års aldersgrense for bestilling av leilegheiter.  

Bestill leilegheit her!