Husreglar og praktisk informasjon
Merk at einingane er på sjølvhushald, d.v.s at gjest sjølv er ansvarleg for å ta med seg alt ein treng under opphaldet. På kjøkkenet stiller me med kjøkkenklut, oppvaskmiddel og oppvasktablettar som service.
- Sengkle og handkle vil bli utlevert ved innsjekk.
- Om det er noko å utsetja på eininga, ta kontakt med resepsjonen innan ein time.
- Respekter og følg husreglar. Eininga er privateid, og eigar sett pris på at det behandlar ting og eigendeler med respekt.
- Husdyr og røyking er ikkje tillete inne.
- Bruk sengetøy.
- Ta av ski-/ snowboardstøvlar i gangen.
- Ski- og snowboardutstyr skal oppbevarast i skibod - ikkje i svalgangar eller inne i leilegheita.
- Tap og skade på gjenstandar pga. uvøren bruk eller uhell må erstattast.
- Ikkje dekk til panelomnar.
- Vis omsyn til naboar, hald ro og orden i og rundt leilegheita/hytta.
- Det skal vera roleg etter kl. 23.00.
Gebyr for brot på husreglane
- Ikkje bruk av sengetøy kr 500,- per seng
- Husdyr inne kr 2500,-
- Røyking inne kr 5000,-
- Tap av nøkkel kr 2000,-
- Skader eller ikkje gjennomført avreiserutinar vil gebyret blir vurdert etter omfang.
Sjekkliste før avreise
- Vasking tek me oss av, men rydd fint etter dykk.
- Ver vennleg og ta av sengkle og ta det med tilbake til Myrkdalen Hotel.
- Sett inn all oppvask i maskina og start denne før de reiser. Sjekk at det ikkje vert liggjande att mat i kjøleskap eller frys.
- Lukk alle vindauger og lås alle dørar.
- Om eininga manglar utstyr, gje beskjed til resepsjonen på hotellet.
- De treng ikkje tøma aske frå peis eller vedomn.
- Ver venleg å skru temperaturen på omnar ned til 18 grader
- Ta med søppel og tomflasker når de reiser.
- Me kildesorter i ulike søppelhus i hyttefeltet. Oversikt vart utlevert ved ankomst.
- Sjekk uteområdet for sigarettsneipar og søppel.
- Lever nyklar til resepsjonen innan 11:00. Sein utsjekk kan avtalast med resepsjonen for eit ekstra tillegg
Viktige telefonnummer
Skipatrulje i opningstida: 41 51 80 02
Lege: 113
Politi: 112
Brann: 110
Legevakt: 116 117
Viking Redningsteneste: 56 51 27 00
NAF Falken Voss: 56 51 53 00
Voss Tannlegesenter: 56 52 14 98
Voss lensmannskontor: 56 52 87 00
Hestavangen Dyreklinikk: 56 51 27 00
Voss Turistkontor: 40 61 77 00