Leilegheit i Myrkdalen

Leilegheiter i Myrkdalen

Er de fleire som ynskjer å bu saman eller vil ha større plass med moglegheit til å laga mat sjølv, er ferieleilegheitene med sjølvbetening i Myrkdalen Fjellandsby eit godt tips.

Det er gangavstand til skiheisane om vinteren og sykkel- og turområde om sommaren. Restaurantar, kaféar og barar er også i nærleiken.

Bestill overnatting i leilegheit

Leilegheit innvendig i Myrkdalen, med peisovn, kjøkkenkrok og oppdekka bord

 

Kjenn deg som heime

Med ferieleilegheit i Myrkdalen vil du kjenna deg som heime, og gje deg og reisefølget ditt meir plass og privatliv.

Alle ferieleilegheitene me tilbyr har høg standard og ligg nær skisenter om vinteren og vandrestiar om sommaren. Leilegheitene varierer i storleik og ligg i 7 ulike område rundt Myrkdalen sentrum. Dei fleste er privateigde så innreiing og utstyr varierer frå eining til eining, men alle har fullt utstyrt kjøkken inkludert oppvaskmaskin, bad med dusj og toalett, sofagruppe, TV og spisebord.

Bestill overnatting i leilegheit

Utvask og leige av sengetøy er inkludert i prisen.

Både sengetøy, handklede og utvask av leilegheita er inkludert i prisen ved bestilling.

Ynskjer de oppreidde senger ved ankomst? Send ein førespurnad til: kundeservice@myrkdalenhotel.no. Dette kostar 300 kr per person.

NB! Det er 23 års aldersgrense for bestilling av leilegheiter.