Sommarheis i Myrkdalen

5 populære teambuilding-aktivitetar haust

Skal du arrangera blåtur, kurs eller konferanse med firmaet ditt, byr Myrkdalen i sommardrakt på kjekke opplevingar. Her er dei mest populære teambuilding-aktivitetane me tilbyr sommar og haust.

Gjeld i perioden 2. mai - 30. november.

 

Ta kontakt, så skreddarsyr me ein konferanse til dykk!

 

  1. Guida el-sykkeltur

    Sykkel i Myrkdalen

    På el-sykkel kan ein både sykla fortare og lengre enn på ein vanleg sykkel. Med ein lokalkjend guide tek me oss gjennom den flotte naturen i Årmotslia og vidare til Fjellstova Vetlebotn. Her får me servert noko godt å bita i.

    Tilgjengeleg: 1. juli - 30. september
    Pris på forespørsel
    Varigheit: 4 timar / Passar frå 6 - 12 pers.

     

  2. Kajakktur på Myrkdalsvatnet

    Kayak

    Her ligg alt til rette for å kombinera aktivitet og teambuilding med produktive samtalar i møte med naturen. Me stiller med alt nødvendig padleutstyr og sertifiserte instruktørar/guidar. Transport og lett beverting er inkluderte.

    Pris: frå kr 1485,- per pers.
    Varigheit: 4 timar / Passar frå 6 - 60 pers.

     

  3. Mangekamp Myrkdalen

    Aktivitetar

    Gjennom fleire fysiske og mentale oppgåver må de som lag koma dykk til mål ved hjelp av samarbeid, tolmod, kunnskap og taktiske evner!

    Pris: frå kr 350,- per pers.
    Varigheit: 1,5 - 2 timar / Passar frå 10 - 70 pers.

     

  4. Luftig tur med sommarheis

    Sommarheis i Myrkdalen

    Stolheisen Myrkdalsekspressen rett ved Myrkdalen Hotel går i juli og august. Her vert du i løpet av fem minutt frakta til 860 moh. med fantastisk utsikt.

    Tilgjengeleg: 1. juli - 28. august
    Pris: frå kr 150,- per pers.
    Varigheit: Individuelt / Passar for små og store grupper.
     

  5. Stolpejakt og frisbeegolf

    Frisbeegolf

    For stolpejakt - last ned gratis app på telefonen og gå på leit frå hotellet! Frisbeegolf finn de på oppsida av hotellet. Disc kan leigast i resepsjonen til kr 50 per person.

    Varigheit: 30 min - 3 timar / Passar frå 2 - 25 pers.

 

Ein vellykka firmatur kombinerer fagleg påfyll med morosame aktivitetar

 

Slapp av etter møtet

Når møtet er over, eller etter ein aktiv dag i frisk luft, er det godt å slappa av med eit glas eller to. Og kanskje noko å bita i?

Salto Lobby Bar Myrkdalen Hotel

 

Mingletimen

Når arbeidsdagen er over er det tid for å nyta noko godt i glaset saman med gode kollegaer. Me tilbyr fingermat og ei valfri eining drikke per person.

Pris: kr. 195,- per pers.

 

Ølsmaking

Smak dykk gjennom ulike sortar øl frå lokale bryggeri. Om ynskjeleg kan me også tilby saftig spekemat inntil.

Pris: kr. 350,- per pers.
kr. 160,- per pers. for spekemat
Varigheit: ca. 1 time / Passar frå 10 - 50 pers.

 

Ta kontakt, så skreddarsyr me ein konferanse til dykk!