Youtube video fallback image

Fartsfylte fjord og fjell

Ein kneskade sette punktum for skikarrieren til Kaia Finne. No brenn ho for å visa alle andre dei skjulte skiperlene rundt Myrkdalen. – Ski og fjord i vårt område er ein magisk kombinasjon få hittil har opplevd, seier ho.

– Den ultimate lykkekjensla er å stå på toppen av bakken og sjå ned – rett før du set utfor, seier Kaia Finne. Den tidlegare landslagskøyraren i freestyle veit kva ho snakkar om.

Fyrst etter mange år på ski verda rundt oppdaga ho kvalitetane ved heimtraktene sine, på Voss og i fjordlandskapet rundt Flåm. No vil ho visa det fram til alle.

– Landskapet her er det råaste av det råaste. Stort og dramatisk, og vinterlyset i Nærøyfjorden er både magisk og omgitt av mystikk.

Som tidlegare forretningsansvarleg i Destinasjon Myrkdalen er ho ikkje til å stoppa. Er høgt og lågt heile tida. Akkurat som opplevingane ho ivrar for at andre skal få.

topptur

– Tenk at mange av mine eigne skivenner ikkje har vært ved fjorden vinterstid. Kor mange nordmenn har vært her, då? Mange lengtar etter å kryssa Grønland med pulk eller køyra pudder i Canada. Men kvifor reise langt når me kan få like gode opplevingar her i Norge, spør ho.

Det er enkelt å kombinere ein skiferie i Myrkdalen med fjordopplevingar. Slik får du meir ut av skiferien. Og kanskje opplev du dette før alle andre? Kaia har lagt alt til rette for ei enkel reise.

flåmsdalen

Grøn reise

– Hopp på toget i Oslo eller Bergen. Me køyrer deg til Myrkdalen frå Voss stasjon. Her boltrar du deg i Vestlandets mest komplette skianlegg og ein av Norges mest snøsikre stad. Den dagen du ynskjer å oppleve fjorden køyrer me deg dit, fortel Kaia ivrig.

Ho forklarar at valmoglegheitene er mange ved fjorden. Nokon vel topptur til fjellet Presten med fjordutsikt. Andre går for laussnøkøyring i området rundt Vatnahalsen i Flåmsdalen.

fjordsauna

Atter andre kjennar pulsen senka seg på en roleg båttur mellom Gudvangen og Flåm. Og opplever det dramatiske vinterlyset i fjordlandskapet. Og kanskje hoppar dei i sjøen etter ein gloheit badstue.

Magiske nærøyfjorden er like fin på vinteren som om sommeren

– Fjordlandskapet kjennest kanskje utilgjengeleg, men så er det tilgjengeleg likevel. Du kan velgje å oppleve det i egen regi eller med guide. No har me infrastrukturen på plass, seier ho.

Vil du laga ein rundtur ut av det, tar du Flåmsbanen til Myrdal stasjon, og tog derfrå tilbake til Oslo eller Bergen. En rundtur tufta på berekraftige val. Det er Finne stolt av.

Leik utan ski

Den aktive dama har eit sterkt behov for frisk luft og fri natur, og har vært glad i fjell og viddar sidan oppveksten. Leik står sentralt hjå Kaia. Også utan ski.

Difor legg Kaia også til rette for at alle skal kunne nyta vintermagien i Myrkdalen.

Hundekjøring i Myrkdalen

 

– Hjå oss treng du ikkje å væra skiløpar. Ta gjerne naturen i bruk på andre måtar. Opplev masse snø og glede ved hundekøyring, aking eller hest og slede. Får folk sjølv vera aktive ute i naturen aukar opplevinga til det dobbelte! seier ho og understrekar:

– Myrkdalen er heldig som har fjorden så tett på. I dette verdsarvområdet finn me den lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjorden på jorda. Med mange skjulte perler. Det er berre å koma og oppleva sjølv!