Fluefiske

Er du glad i jakt og fiske? Me tilbyr kurs i fluefiske for alle nivå og fisketur i fjellvatn for heile familien! 

Guida fluefiske
I sommar har du ein unik sjanse til å bli med Ingvild Aurdal, ei av dei beste i verda innan fluefiske, på guida fisketur. Ho tek deg med på hennar favorittplassar rundt Myrkdalen. Ingvild tilbyr fluefiske for erfarne og nybyrjarar frå 16. juli - 28. august.

Fluefiske for nybyrjarar - tydagar kl 10.00 - 16.00
På dette kurset det mykje fokus på kastinga, før me avsluttar dagen med fiske.

Fluefiske for erfarne - onsdagar kl 10.00 - 16.00
Dette kurset er retta mot dei som har prøvd fluefiske før og har mykje erfaring innan fluefiske. 

Familievenleg fisketur til fjellvatn på Vikafjellet

Bli med ein lokalkjend guide på fisketur til eit fjellvatn i det vakre høgfjellsterrenget på Vikafjellet. Me startar turen med ein vandretur til vatnet der me slår leir og fiskar etter aure med stang.

Dette er ein familievenleg aktivitet og det er fleire eigna fjellvatn på Vikafjellet. Lengde på tur blir tilpassa kvar gruppe og varierer frå 2 km tur/retur til 10 km tur/retur. Turen blir avsluttta med grilling av dagens fangst med flatbrød inntil.

LES OGSÅ: Her kan du fiske i meir enn 500 fiskevatn og elvar

Fiskekort

Vikafjellet og Myrkdalen
Vikafjellet og Myrkdalen har eige fiskekort som kan kjøpast på Myrkdalen Hotel 

Voss
Vossakortet gjev tilgang til fiske i nærare 500 tjørn og vatn, og i mange elvestrekningar. Dette kan kjøpast på Inatur si nettside