Bli god på å lesa kart i Myrkdalen

Innføring i å lesa kart på tur

Er du glad i å gå fjellturar, men har lite kunnskap om kart, målestokk, ekvidistanse og høgdekurver? Øystein Ormåsen i Wild Voss gjev deg her ei god innføring i å lesa kart på tur.

Gjesteinnlegg: Øystein Ormåsen i Wild Voss

Eg heiter Øystein Ormåsen og er daglig leiar i Wild Voss. Me tilbyr opplevingar i fri natur, heile året. Kort fortalt betyr dette at me hjelper turinteresserte med å koma seg ut på turar til fots, på ski, eller med klatresele og tau. Me held til på Voss, og er mykje på tur i Vossafjella. Eg trivst aller best når eg er ute på tur – då kjenner eg meg heime. Eg starta Wild Voss for å bidra til at andre kan få den same turgleda som eg har.

Dei beste turopplevingane får du ofte utanfor stiane, når du sjølv må finna fram i terrenget. Då må du heile tida gjere aktive vegval, plassere føttene presist, samt følgje med på omgjevnadene.  Det er noko heilt anna enn å følgja ein merka sti!  For å finna fram i terrenget må du kunne orientera med kart og kompass. 

Kvifor treng eg kart når ein har GPS og ein telefon full av apper tenkjer du kanskje? Du kjem langt med slike digitale verktøy, men på lange turar i regn og kaldt vèr skal du ikkje stola på teknologi åleine. Då treng du også evna til å lesa kart. 

Bakkanosi
Går du til spektakulære Bakkanosi, er turen delvis utan sti uavhengig av kva rute du vel. Då er det lurt å ha evna til å lesa kart. 

Kva er eit kart?

 

Eit kart er ei enkel teikning av røynda. Kall det gjerne ei skisse. Det betyr at kartet gjev ein heil del viktig informasjon, men også at mange detaljar manglar.  
Dei mest vanlege karta me brukar på tur har målestokken 1 til 50 000 (blir skrive 1:50 000). Det betyr at 1 cm på kartet dekkjer 50 000 cm (500 meter) ute i terrenget. Difor er det svært avgrensa kor mange opplysningar det er mogleg å få med på kartet. 

 

Det er mogleg å få tak i kart med fleire detaljar (såkalla «stor målestokk»), som til dømes orienteringskart. Ulempa med slike kart er at du treng ei heil bunke med kart for å dekkje det området du ynskjer å gå i – særleg om du skal leggja ut på langtur. Det blir både komplisert og dyrt. Difor klarar me oss i dei fleste tilfella med turkarta i målestokk 1:50 000. 

Korleis lesa og forstå karta?

lesa kart

 

 

Her er eit utsnitt av eit kart i målestokk 1:50 000, og litt av det du kan lesa ut frå kartet.
 
Kartet syner kvar me finn vegar, stiar, vatn, vassdrag, fjelltoppar, stup, vegetasjon, hytter, tettstader og mykje meir. For å få ei grundig og komplett forståing av alle symbola som er brukt på kartet, må du studera symbolforklaringa nedst på kartbladet. Det høyres kanskje ut som ein stor jobb, men det går relativt fort å få kontroll på mesteparten. Nedanfor tek eg utgangspunkt i dei tre tala eg har markert på kartet over, og peiker på nokre viktige moment rundt dei.

 

 

1. Lat oss gå ut frå at eg står ved eitt-talet. Over eitt-talet står det Ruvlenutane. Kartet er teikna slik at nord er opp. Det betyr at Ruvlenutane ligg nord for der eg er. Venstre på kartet tilsvarar vest i røynda. Det betyr at Spannsdalen ligg vest for meg, og at Spannstjørnane ligg sør for der eg står. 

Å orientera kartet betyr at du held kartet slik at nordretninga på kartet samsvarar med det som er nord i terrenget (røynda). Då er det ofte lettare å lesa kartet og samanlikna det med omgjevnadene. Du finn nord i røynda ved å bruka eit kompass.

Når du skal fortelja nokon kvar du er på kartet, må du visa til himmelretninga, ikkje høgre eller venstre, opp eller ned. Til dømes: «Eg står ved det vesle vatnet nord for Spannstjørnane, rett sør for Ruvlenutane». Mot vest ligg Spannsdalen».

2. Kartet har mange ruter, teikna med blått. Rutene er kvadratiske, og måler to cm i kvar retning. Det betyr at kvar rute utgjer ein kilometer kvar veg i røynda. Me kallar dei «kilometerruter». Dette er nyttig å vite, då det fortel noko om avstandane mellom kjenneteikna på kartet, og såleis kor langt du må gå i terrenget for å koma frå eit punkt til eit anna. 

Til venstre for og over to-talet ser du ein del blå tal. Saman med kilometerrutene utgjer desse tala koordinatsystemet som kartet er teikna inn i. Me omtalar dette som rutenettet til kartet. Me nyttar rutenettet til å oppgje posisjonar, akkurat slik me har lært å nytta koordinatsystem i matematikken si verd. 

Til dømes: Ruvlenutane ligg i kilometerruta med koordinatane 92 02. Tallet 92 utgjer «x-koordinatet», medan talet 02 utgjer «y-koordinatet» til kilometerruta. Det er litt upresist å oppgje ein posisjon ved å visa til ein heil kilometerrute, dvs ein kvadratkilometer. Det er difor vanleg å dela kvar kilometerrute opp i nye tidelar, for å kunne oppgje ein «sekssifra rutetilvising». Dette gjev ein mykje meir presis posisjon.

3. Ruta der talet 3 står fortel oss noko interessant om terrenget. Me ser at deler av terrenget er markert med grønt, og at andre område er teikna i kvitt/beige. Det grøne er vegetasjon, altså trær eller skog. Dei kvite områda er utan skog. Saman med opplysningar om høgda over havet (ca 900 meter), får me vite at det veks skog i dei sørvestvendte liene i Spannsdalen, sjølv opp til ca 1000 meter. Det tyder på at dalføret truleg er skjerma for den verste vinden og har eit relativt behageleg klima. Det er nyttig å vite dersom me treng ved til bålet,  ly for vinden eller vil jakte rype.

Les også 10 gode grunnar til å besøka Myrkdalen i sommar
Familievennlig sykling i Myrkdalen

Litt om høgdekurver og ekvidistanse

Ekvidistanse på kart

Kartet brukar høgdekurver (også kalla «høgdekoter») til å framstilla kor bratt terrenget er, samt høgdeskilnader i terrenget.  Ovanfor har eg freista å lage ei teikning som viser kva høgdekurver er og korleis dei kan lesast. 
 
Teikninga til venstre viser korleis ein liten ås kan sjå ut på eit kart. Me ser fleire høgdekurver som ligg innanfor kvarandre, kvar av dei litt mindre enn den utanfor. Teikninga til høgre viser den same åsen, slik tverrsnittet av den kunne ha sett ut i røynda.

Ekvidistansen er omgrepet som blir brukt for å seie noko om kor stor høgdeskilnad det er mellom to høgdekurver på kartet. Ein ekvidistanse på 20 meter betyr at det det er 20 meter høgdeskilnad mellom to høgdekurver. Vèr klar over at kvart punkt på den same høgdekurven er like høgt over havet. På figuren til venstre har eg notert høgda på den nedste høgdekurven: 100 meter. Eg er like høgt over havet dersom eg vandrar rundt åsen og held meg på denne kurva heile tida. 

Høgdekurvane sin horisontale avstand til kvarandre seier noko om kor bratt det er. Der høgdekurvene ligg tett, er det bratt. Der endrar høgda seg mykje i løpet av ein kort horisontal distanse. Figuren til høgre illustrerer dette. Den austlege sida av åsen er mykje brattare enn den vestlege, der ein markert, slakare fjellrygg leiar mot dei to toppunkta. 

Ved å telja høgdekurver kan me finna ut kor stor høgdeskilnaden er, og dermed omtrent kor mykje me må gå opp eller ned i løpet av en tur. Me ser av teikninga at me må gå opp omlag 100 høgdemeter for å koma oss frå starten av stigninga til topps på det høgaste punktet. 

Legg merke til at høgdekurvene på sørsida av åsen buktar seg tydelig innover (nordover). Me ser at knekkpunkta er over kvarandre. Det fortel oss at det ligg eit søkk eller ein bekkedal i skråninga her. Teikninga til høgre viser om lag kvar dette søkket treff åskammen – i det lågaste punktet mellom toppane. Ofte kan du gå ut frå at det er slike bekkedalar eller søkk der høgdekurvene er «krøllete» eller ujamne. Det kan vera vrient å passera slike formasjonar. 

Eit siste punkt om høgdekurver: Vèr klar over at det kan skjula seg ganske høge stup, skrentar og høgder på eit kart – utan at dei er teikna inn med egne høgdekurver. Slike «skjulte overraskingar» kan bidra til å forvirra deg i orienteringa, eller forseinka framdrifta. 

Oppsummering

Ovriseggi på Vikafjellet
Ha kartet framme når du er på tur i fint vèr og ta mange korte stopp for å finna terrengdetaljane rundt deg på kartet. 

For å bli god til å lesa kart, må du trena mykje. Kartet må alltid vera med. Studer det nøye både før og undervegs på turen. Gjer det til ein vane å ha kartet framme når du er på tur i fint vèr, og ha mange korte stopp der du prøver å finna terrengdetaljane rundt deg på kartet.  

Før du legg ut på tur kan det vera smart å prøva å visualisera det terrenget du skal inn i ved å lesa kartet grundig. Då lagar du deg ei forventning om korleis terrenget skal sjå ut. Fasiten får du når du er ute på tur, og forventninga møter røynda. Dersom du blir overraska av terrenget du møter, kan det bety at du må trena meir på å lesa kart. 

Lukke til!