Myrkdalen Hotel vinter

Møterom med fleksible løysingar

Me kan tilby ein stor sal eller to mellomstore, og tre mindre møterom i fyrste etasje på Myrkdalen Hotel. I tillegg kan me leggja til rette for møte i ei av suitene våre.

 

Kurs og konferanse

Inntil 190 konferansegjester

Den største salen "Storebotn" er 180 kvm og rommar 170 personar i kino- og 110 personar i klasserom-oppsett. Salen kan også delast inn i to mindre einingar.
 

Tre møterom for små eller mellomstore grupper

Kurs og konferanse

Me har tre mindre møterom til disposisjon. Her varierer oppsettet frå styrebord, u-bord, klasserom eller kino, og høver for små eller mellomstore grupper opp til ca. 25 personar. Me er sjølvsagt fleksible og finn ei løysing som passar for ditt møte eller kurs.
Både salar og møterom har takmonterte prosjektørar og integrerte løysingar for lyd og lys. I tillegg inneheld dei teleslynge, og videokonferanseutstyr. Det er gratis trådlaust nettverk på heile hotellet.

 

Ta kontakt, så skreddarsyr me ein konferanse til dykk!