Skiskule i Myrkdalen

Myrkdalen Skiskule

Har du aldri stått på ski før eller ynskjer du å finpussa på teknikken? Myrkdalen Skiskule tilbyr privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Privatundervisning alpint (100 min og 3 timar)

Skiskule i Myrkdalen

Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er god på ski, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.

Gruppeundervisning alpint for vaksne og born

Skiskule i Myrkdalen

Myrkdalen Skiskule tilbyr gruppeundervisning for born og vaksne over 16 år i alle nivå. Kontakt skiskulen på skiskule@myrkdalen.no for bestilling og meir informasjon. 

Me legg vekt på at det skal vera moro på ski, enten du er ung eller gamal, nybyrjar eller vidarekomen, sprek eller ikkje fullt så sprek.

Skredkurs/ toppturkurs

Bli glad i ski med myrkdalen skiskule

Å køyra utanfor løypene er kjempekjekt og spanande, men ein treng også kunnskap om skred, sikkerheit, linjeval, bruk av utstyr og skiteknikk. Me garanterar kurs som gjev deg utbyte og kunnskap til å ta gode val utanfor løypene.

Her er det kun ISIA godkjende skilærarar som er kvalifiserte til å gjennomføre kurs (Snowmind).

Langrenn/ skøytekurs/ telemark/ snowboard
Dette kan arrangerast som privatundervisning og som gruppeaktivitet.

Aketur

Aketur

Kvar dag i vintersesongen inviterer me på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. 

Alle på ski
Vårt motto er at alle skal på ski, dersom dei har lyst. Om du manglar ein fot, eller har synshemmingar, brukar rullestol eller har andre hindringar så har me kompetansen til å gje deg dei gode opplevingane. Me arrangerar også ledsagarkurs for dei som har lyst til å ha med seg vener eller familie som har behov for tilrettelagd opplæring.