Fiske i Myrkdalen

Fiskeopplevingar i Myrkdalen

Er du glad i jakt og fiske? Me tilbyr kurs i fluefiske for alle nivå og fisketur i båt for heile familien!

Guida flugefisketur
I sommar har du ein unik sjanse til å bli med Ingvild Aurdal, ei av dei beste i verda innan flugefiske, på guida fisketur. Ho tek deg med på hennar favorittplassar rundt Myrkdalen. Ingvild tilbyr flugefiske for erfarne og nybyrjarar frå 16. juli - 28. august.

Familievenleg fisketur til fjellvatn på Vikafjellet

test

Bli med ein lokalkjend guide på fisketur til eit fjellvatn i det vakre høgfjellsterrenget på Vikafjellet. Me startar turen med ein vandretur til vatnet der me slår leir og fiskar etter aure med stang.

Dette er ein familievenleg aktivitet og det er fleire eigna fjellvatn på Vikafjellet. Lengde på tur blir tilpassa kvar gruppe og varierer frå 2 km tur/retur til 10 km tur/retur. Turen blir avsluttta med grilling av dagens fangst med flatbrød inntil.

Les også: Her kan du fiske i meir enn 500 fiskevatn og elvar. Gode fiske forhold i Myrkdalen

Fiskekort
Vikafjellet og Myrkdalen har eige fiskekort som kan kjøpast på Myrkdalen Hotel.

Vossakortet
Vossakortet gjev tilgang til fiske i nærare 500 tjørn og vatn, og i mange elvestrekningar. Dette kan kjøpast på Inatur si nettside.

<% totalFilter %> filter applicerade
<% totalFilter %> filter applicerade