Konsert med Jan Eggum + ost og sidersmaking

Ost, Sider og Eggum

Arrangementet er no utseld!

Bli med på ein uforgløymeleg kveld fylt med musikk, smak og gode stunder!
20. januar inviterer me deg til ein eksklusiv oppleving som startar med ost- og sidersmaking, etterfylgt av ein stemningsfylt konsert med den folkekjære artisten Jan Eggum. Kvelden vert avslutta med ein nydeleg 3-rettar middag i Nuten. 

Ost- og Sidersmaking:

Start kvelden med ein unik oppleving av ost- og sidersmaking leia av Arvid Notland. Arvid Notland jobbar vanlegvis som ostansvarleg hjå gourmetvaregrossisten Mise En Place AS. Han er utdanna kokk og har studert ved Academy of Cheese i England, der han har oppnådd status som ein av få norske ostesommelierar, òg kjend som "Fromager". Arvid deltek som dommar i nasjonale og internasjonale ostekonkurransar, inkludert NM og VM i ost. Han vil guida deg gjennom ei smaksreise av norske ostar i verdsklasse som harmonerar perfekt med dei forfriskande sidrane frå Kvestad Sideri.

Konsert med Jan Eggum:

Jan Eggum, ein av Noregs mest kjære musikarar, er på veg og klar til å trollbinda deg med dei tidlause songane sine. Anten du er ein trufast fan eller aldri har opplevd han live før, vil du ikkje bli skuffa.

Med ein karriere som strekkjer seg over fleire tiår, har Jan Eggum skapt ein imponerande katalog av songar som røyrar hjartet og reflekterar over livet sine opp- og nedturar. Med dei djuptgåande tekstane sine har han oppnådd ein status som ein av Noregs mest respekterte og kjente artistar og melankolikarar.

La deg fanga av Eggum sine framføringar, der lidenskapen hans for musikken skin gjennom. Anten det er dei melankolske balladane som treff deg rett i hjartet, eller dei meir oppstemte og fengande songane som får deg til å dansa i stolen, vil du bli rive med av Jan Eggum si unike stil og lune humor.

 

3 rettar middag i Nuten

Kvelden vert avslutta med ein nydeleg 3 rettar middag komponert av vår kjøkensjef Gerald Landauer i Restaurant Nuten.

 

Om du kun ynskjer å delta på konserten, er det sjølvsagt mogleg.
Kjøp billett til konsert her

Ost- og sidersmaking

Ost, sider og Eggum

Har du ikkje heile kvelden ledig? Då er denne pakka for deg.
Inkluderer ost - og sidersmaking med Arvid Notland og konsert med Jan Eggum.

Kjøp her

Jan Eggum

Ost, sider, Eggum og middag

Pakka for deg som vil ha ein heilaftan med gode smakar og nydeleg musikk.
Pakka inkluderer ost- og sidersmaking, konsert og 3 rettar middag.

Kjøp her

Hotel

Ost, sider, Eggum,
middag + overnatting

For deg som ynskjer nyta helga til fjells med kultur og kulinariske opplevingar! Her får du ost-og sidersmaking, konsert, middag og ei god natts søvn på Myrkdalen Hotel inkludert.

Kjøp her

Dette arrangementet er ein unik sjanse til å oppleva ein kveld med variert underhaldning og kulinariske opplevingar. Ta med deg vener eller familie, nyt smakane, musikken, og skap gode minner saman.