Opningstider i Myrkdalen

Opningstider

Opningstider skisenter
Skisenteret opnar som oftast i midten av november og er ope til 1. mai.

Kveldskøyring
I vintereseongen har me også kveldskøyring i Landsbytrekket og Mikkeltrekket. 

Myrkdalsstovo Velkomstsenter
I fyrste etasje i Myrkdalsstovo finn du velkomstsenteret vårt. Her kan du kjøpa heiskort og eit lite utval matvarer. Me har også ein kafè med enkle rettar, samt at du kan eta nista di her.  

Løypekart

Myrkdalen løypekart 2019_2020

Myrkdalen har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løype og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Her finn ein alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne.

22 varierte løyper
Me har eit samanhengande løypenettverk, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Tilsaman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Køyrer du frå toppen av anlegget som ligg på 1060 moh, får du tre kilometer med skikøyring og 610 høgdemeter før du igjen står utanfor Myrkdalen Hotel. Løypene våre er breie og oversiktlege - Myrkdalen er difor ein perfekt plass å læra seg å stå på ski.