Retningslinjer ved kjøp av heiskort

REFUSJON SESONGKORT VED COVID-19 ELLER ANNA PANDEMI
Me er opptekne av at sesongkortet i Myrkdalen skal vera ei god investering som gjev deg mange gode opplevingar. Ski- og utandørsaktivitet, med god plass i bakkane, skal vera ein trygg aktivitet. Me planlegg med gode smittevernstiltak, slik at alle gjester får ei trygg og god oppleving.

For dei som kjøper sesongkort gjev me garanti for refusjon dersom skianlegget mot formodning skulle koma opp i ein situasjon der anlegget må stenga ned store delar av sesongen grunna Covid -19 eller anna pandemi.

Fylgjande refusjonsordning gjeld ved Covid-19 eller anna pandemi for vintersesongen 20-21:

Antal opningsdagar Refusjon av betalt årskortpris
< 100 dagar  20 %
< 75 dagar  40 %
< 50 dagar  60 %
< 25 dagar  80 %

Kjøp årskort Inkludert 2 dagar i Voss Resort Tilbud årskort

REFUSJON
Det blir ikkje gitt refusjon på heiskort ved dårlig vær, tåke, snø, ising, teknisk feil eller liknande. Dersom du er usikker med hensyn til vær og føre, ta kontakt med billettkontoret før du kjøper heiskort. Ved skade eller sjukdom gjev me refusjon mot framvisning av legeattest. Refusjon ved sjukdom eller skade blir kun gjeve til den personen som er sjuk eller skada, og kun for dei dagar heiskort ikkje har vore brukt. Ved tidleg avreise på grunn av uforutsette hendingar blir det ikkje gitt refusjon. Det blir ikkje gitt refusjon på valfrie dagar i sesongen og sesongkort. Meir informasjon om heiskortreglar almenne vilkår finn du her  

RABATT PÅ HEISKORT
Eventuelle rabattavtalar skal alltid vera klarert på førehand. Det vert ikkje gitt rabatt på heiskort i kassene eller i etterkant. 

SESONGKORT
Alle skikort er personlege og må ikkje overdras til andre. Ved misbruk eller utlån av sesongkort til andre vert kort inndratt og ein må betala gebyr for å henta det ut igjen. Mister du eller gløymer du sesongkortet ditt kan me laga nytt mot eit gebyr på kr. 60,-

VÊR- OG FØREFORHOLD
Me gjer det me kan for at skiopplevinga skal vera så bra som mogleg, men minnar om at vèr og føre kan vera skiftande i fjellet. Vèr og føremelding vert oppdatert kvar morgon og det vert oppdatert etter beste evne dersom vèret endrar seg utover dagen

SESONGKORT KJØPT FØR 30. SEPTEMBER MED 2 DAGAR HJÅ VOSS RESORT INKLUDERT
Før sesongkortet kan brukast hjå Voss Resort må kortet aktiverast i Myrkdalen. Aktivering skjer første gang ein går gjennom eit vendekors. Vendekors ved Myrkdalsekspressen vil stå opent utover hausten.