Student i Myrkdalen
I Myrkdalen får studentar 40 % rabatt på dagskort - kvar einaste dag i vintersesongen! Ta eit avbrekk frå lesinga og lad opp batteria med herleg skikøyring i Vestland sitt eige vinterparadis.
Med ni heisar og 22 løyper i ulike vanskegradar å boltra seg i har Myrkdalen noko for absolutt alle. Kvar einaste dag vert løypene trakka - like bra på ein vanleg tysdag, som i helgene. Her er det løyper som passar for nybyrjarar så vel som rutinerte skikøyrarar - dessutan er parkane av dei beste i Noreg og frikøyringa er i ein klasse for seg sjølv.
Det er ein grunn til at destinasjonen blir kalla pudderparadiset Myrkdalen
40 % rabatt på dagskort til studentar
Nytt for vinter 2021-2022 er at studentar får 40% rabatt på dagskort alle dagar – heile sesongen! Vis fram gyldig studentbevis og betalt semesteravgift i billettluka vår i Myrkdalsstovo for å få studentrabatt.
Skisenteret er ope kvar dag i sesongen:
- kl. 09.30 - 16.00
Gratis skibuss
Tenk miljø og hopp på toget – enkelt og greitt. Kvar dag går det gratis skibuss til Myrkdalen frå Voss Kulturhus kl. 10.00. Bussen korresponderer med tog frå Bergen. Det går også gratis skibuss kvar fredagskveld frå Voss Kulturhus kl. 20.00.
Årskort for studentar til kun kr 2190,-
Er du fulltidsstudent og står mykje på ski? Då er dette eit tilbod du ikkje vil gå glipp av! For kr 2190,- får du årskort for vinteren 2022-2023. Inkludert i kortet er også sommarheisen som går i juli og august 2023.
Les meir om årskort for studentar
Knalltilbod midtveke
Tenk å vakna opp i ei godt seng, midt i pudderparadiset Myrkdalen. Etter ein god frukost er det berre å skli rett ut i nypreparerte løyper. Som student står ein ofte friare til å kunne ta seg ein miniferie midt i veka. I Myrkdalen har me eit kjempetilbod for overnatting på Myrkdalen Hotel og to dagars heiskort.
Bestill Knalltilbod Midtvekepakke
Tips: Er de ein stor gjeng som vil på ski og bu i Myrkdalen?
Send ein førespurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no for å få tilbod på overnatting på hotell eller i leilegheiter.