Familievennlige Myrkdalen

Torget

I hjarta av Myrkdalen Fjellandsby, ved sida av Myrkdalen Hotel, finn du torget vårt.

Her kan du ta med borna på kjekke nostalgileikar, utfordra deg sjølv og familen på ei utfordrande hinderløype, nyta god mat og drikke i Kamben Kafè & Bar, handla kvalitetsutstyr i to sportsbutikkar, leiga syklar og bestilla eit mangfald av sommaraktivitetar.

Er du nysgjerring på eigedomsprosjekta våre kan du ta turen innom visiningsbua som er ope kvar helg gjennom heile sommaren. 

Nostalgileikar

Nostalgileikar

Kvar dag i heile sommarsesongen finn du kjekke nostalgileikar for heile familien på torget. Nokre av aktivitetane du kan prøva deg på er stylter, tautrekking, kubb, hestesko, tre på rad og slengtau! Leikane engasjerer heile familien – og tek dei vaksne med tilbake til sin eigen barndom.

Hinderløype
Self-timer systemet frå Bertel O. Steen er flytta ned til torget på ei kjekk og utfordrande hinderløype. Her kan du utfordra deg sjølv med vener og familie i ei kort og intensiv løype som består av rundballar du skal over og balanse-element. Hinderløypa er gratis å bruka.

Kamben Kafè & Bar 

Kamben Kafè & Bar

Vår nye kafè og bar ligg vendt mot torget. På uteserveringa kan du nyta enkle rettar og god drikke, medan borna leikar i området. Her kan du også bestilla nybakt brød til frukosten, samt kjøpa heiskort til Myrkdalsekspressen og eit lite utval matvarer. 

Kafèen er ope kvar dag frå 19. juni. 

Myrkdalen BrandStore

Myrkdalen BrandStore
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

I same lokale som Kamben Kafè & Bar finn du også Myrkdalen BrandStore, som frontar merkevarene til Active Brands. Active Brands AS er eit leiande norsk merkevarehus innan sport- og friluftsmarknaden. Hjå oss vil du finna Dæhlie, Kari Traa, Sweet Protection, Johaug, Åsnes, Bula og Vossatassar. Velkommen innom for ein hyggeleg handel.

Myrkdalen BrandStore er ope kvar dag frå 19. juni kl. 11.00 – 17.00

Sykkelutleige hjå Sport1 Myrkdalen 

Stort utval syklar til utleige

I fyrste etasje i leilegheitsbyggjet Torggarden finn du Sport1 Myrkdalen, som tilbyr eit breitt utval terrengsyklar til utleige; fulldempa, hardtail og el-syklar. Dei har også varme klede til fjellturen, bæremeis og fiskeutstyr på utleige. 

I sommarsesongen får du også kjøpt gode fritidsklede, sykkelklede, hjelmar, kart, kompass, fiskeutstyr, fiskekort m.m.

Sport1 Myrkdalen er ope kvar dag frå 19. juni kl. 10.00 – 16.00

Bestill aktivitetar i skiskulebua

Guida tur til Bakkanosi
Denne utsikta kan du oppleva under ferien din i Myrkdalen. Foto: Peter Bartel