Topptur i Myrkdalen

Bli trygg i skredsøkarbana

Toppturar er ei trend som veks for kvart år – med god grunn. Kjensla av å bestiga ein fjelltopp av eigen maksin, for så å køyra urørt pudder ned ei bratt fjellside er fantastisk. Her får ein både i pose og sekk – trening, herlege naturopplevingar og meistring på ein og same tur. 

Nordmenn kjøper desidert mest sportsutstyr på verdsbasis, og toppturutstyr ligg langt oppe på lista. Aldri før har nordmenn hatt så bra utstyr for toppturar som i no, men veit du eigentleg korleis du skal bruka utstyret når ulykka først er ute?  

Me har teke ein prat med leiaren i skipatruljen, Rune Slettemark, som var pådrivaren for å få på plass ei skredsøkarbane i Myrkdalen. 

Samarbeid mellom Myrkdalen Fjellandsby og Røde Kors

Opning av skredsøkerbanen i Myrkdalen
Kronprins Haakon Magnus opna skredsøkarbana under Freestyle VM i 2013

Det heile starta då Rune hospiterte hjå skipatruljen i Hemsedal i 2011. Der fekk han innblikk i deira skredsøkarbane, og såg kor nyttig den var for både organisasjonar og skientusiastar. 

Her kan folk bli kjend med og trygg på sin eigen sendar/mottakar, som til sjuande og sist kan redda liv. 

Vel heime på Voss oppretta Rune eit tett samarbeid med Røde Kors for å få realisert ein tilsvarande bane i Myrkdalen. Mange telefonar og søknadar seinare, vart skredsøkarbana offisielt opna av sjølvaste Kronprins Haakon Magnus under VM i Freestyle i 2013.

Bli kjend med og trygg på bruken av skredsøkaren din 
Skredsøkarbana, som ligg ved toppen av Myrkdalsekspressen,  er ein treningsbane for bruk av sendar/mottakar og søkestong. I området ligg det nedgravde einingar som sender ut signal og på styringspanelet som står ved bana vel du vanskegrad på øvinga – lett, medium eller ekspert.  Nivået du vel avgjer kor mange einingar som sender ut signal. 

Topptur til Finnbunuten

Tips: Det er lys ved skredsøkarbana på kvelden. Stopp innom etter kveldsturen til Finnbunuten

Så gjeld det å bruka skredsøkaren og lokalisera desse så raskt som mogleg. Når du har lokalisert einingane, tek du fram søkestonga. Så snart du treff eininga kjem det opp eit varsel på styringspanelet og du får opp tida du har brukt på økta.   

- Du får altså ei konkret tilbakemelding på kor god du er å bruka utstyret ditt, og dess meir du øver, dess meir vil tida gå ned, seier Rune entusiastisk. 

Les også Årets råaste skiferie
Rå skiferie i Myrkdalen

Tida du brukar avgjer liv eller død
- For tida du brukar avgjer om utfallet blir tragisk eller bra, seier Rune, litt meir alvorleg no. I skredsøkarbana får du jobba inn veldig gode arbeidsmetodar slik at det etterkvart går på automatikk dersom ein skulle vera så uheldig å stå midt i ei skredulykke. 

Kan du ikkje bruka utstyret ditt er du rett og slett ein dårlig kompis

Øv på graving
Skredsøkarbana er ikkje designa slik at du skal grava opp einingane. Du får såleis ikkje øvd på gravinga, som er ein viktig og tung del av redningsarbeidet. 
-  Mitt tips er å trekkja seg litt vekk frå skredsøkarbana og setja søkestonga ned 1 - 1,5 meter i snøen. Still deg så på nedsida og grav inn til du ser spissen av søkestonga, seier Rune. 

Skredkurs

Frikjøring i Myrkdalen

Skredsøkarbana hjelp deg altså å auka responstida, slik at du er best mogleg rusta for ein reell snøskred-situasjon. 
- Men målsetjinga for alle som likar å gå toppturar eller køyra utanfor løypene, bør vera å unngå å hamna i eit snøskred, seier Rune. Dette krev kunnskap om blant anna skredfarevurdering, turplanleggjing, vegval og køyremønster.
- Ein god plass å starta er å ta eit snøskredkurs. Dei dyktige skilærarane hjå Myrkdalen Skiskule held mange kurs gjennom vinteren, både for nybyrjarar og vidarekomne. Og les deg opp på varsom.no, avsluttar Rune.