Familievennlige Myrkdalen

Bubilparkering

Legg Noregsferien til Myrkdalen! I sommar kan bubilar og bilar med campingvogner stå parkert gratis hjå oss.

Myrkdalen Fjellandsby er den perfekte basen for familieferien - her kan du kombinera spanande fjell- og fjordopplevingar under opphaldet.

Sommaraktivitetar

Sommarheis
Foto: Sverre F. Hjørnevik

I Myrkdalen kan de la bilen stå i fleire dagar medan de utforskar nærområdet.- sus rundt i sykkelløypene og i pumptracken vår, nyt fjorden frå ein kajakk eller bli med på familievenleg fisketur i høgfjellsterrenget på Vikafjellet. 

Stolheisen rett ved Myrkdalen Hotel er ope i sommarmånadane juli og august. I løpet av fem minutt blir du frakta til 850 moh og herfrå er alternativene mange. For små barneføter finn du ein kjekk natursti på stien tilbake til hotellet. Ynskjer du å gå vidare til ein fjelltopp anbefalar me Finnbunuten 1358 moh, som byr på fantasisk utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Eit anna alternativ er å gå til idylliske Mørkvesstølen, langsmed stien er det mogleg å bada i små kulper i elva.

Registrering
Registrer deg i resepsjonen på Myrkdalen Hotel ved ankomst og stå gratis parkert hjå oss så mange netter de ynskjer. Merk at me ikkje har straum, sanitæranlegg eller tømestasjon for toalett. 

Les også: 10 gode grunnar til å besøka Myrkdalen i Sommar Sommertips 2020

Nyt god mat og drikke på Myrkdalen Hotel 

Restaurant Tunet
Foto: Sverre F. Hjørnevik

Avslutt ein lang og innhaldsrik dag med god mat og drikke i Restaurant Tunet. Her finn du både a là carte og steinovnsbakt pizza basert på rein mat av lokale og økologiske råvarer.